
Fylkesutvalet sitt vedtak:
«1. Med grunnlag i rapporten ”Styrking av kollektivtrafikken” meiner fylkesutvalet det må iverksettast kortsiktige tiltak for å styrke kollektivtransporten når bompengeinnkrevjinga på Nordhordlandsbrua og Askøybrua vert avvikla. Følgjande tiltak skal prioriterast:
Nordhordlandsekspressen:
Oppgradering av ruteopplegg og tydelegare merking og marknadsføring av ekspressbuss til/frå Knarvik- Bergen
Kopling av ruter mellom Nordhordland og Askøy:
Etablering av nytt rutetilbod gjennom Bergen sentrum mellom Nordhordland og Askøy/Sotra
Marknadsføring og tydeleggjering av kollektivtilbodet:
Målretta informasjon og marknadstiltak mot trafikantgrupper som kan nytte kollektivtrafikk i staden for bil over bruene.
Infrastrukturtiltak:
2. Fylkesutvalet legg vidare til grunn at dei skisserte infrastrukturtiltaka i rapporten vert gjennomførte innanfor rammene av riksvegbudsjettet.
3. HFK innfører 40% reduksjon på periodekort på reisande over Nordhordlandsbrua i ein prøveperiode frå 01.01.2006-31.05.2006.
Evaluering:
4. Tiltaket skal evaluerast, og ved positiv evaluering vil ein vurdera å vidareføra tiltaket for andre innfartsårer.
Koordinering Askøy-Bergen:
5. Fylkesutvalet ber administrasjonen ta opp med HSD og BNR om korleis få til betre koordinering mellom buss og båtruta Askøy-Bergen.»
Venstreforslag:
Harald Hove (V) føreslo at takstreduksjonen på 40 % i prøveperioden også skulle gjelda einskildbillettar. Forslaget fekk tre røyster (V, SV) og fall.