«Trygt heim» – nye nattruter for ungdom i distrikta i Hordaland

Natta etter laurdag 3. september set Hordaland fylkeskommune i gang det nye ruteopplegget «Trygt heim» i kommunane Voss, Kvinnherad, Odda, Bømlo og Stord. «Trygt heim» er eit ruteopplegg spesielt tilrettelagt for ungdom i alderen 16-24 år som skal heim fr

Nattbusstilbod
I Hordaland er det frå før av eit godt nattbusstilbod for ungdom i Bergen og nabokommunane, samt på Stord.  Det er difor vedteke å setje opp ruter kring dei andre større tettstadene i Hordaland, der det kan vere langt mellom ungdomane sine bustader og arrangement dei går på, og der vegane er sterkt trafikkerte eller ikkje alltid like gode.

Prøveprosjektet
Strekningane som er valde ut i prøveprosjektet er:

· Voss-Skjerpe-Oppheim
· Voss-Bjørgamarka-Voss
· Husnes-Rosendal-Husnes (Kvinnherad)
· Husnes-Valen-Sandvoll-Husnes (Kvinnherad)
· Odda-Utne
· Odda-Kinsarvik
· Odda-Skare
· Bremnes-Rubbestadneset-Leirvik-Rubbestadneset-Bremnes (Bømlo/Stord)

Opplegget er:
· Plassgaranti for ungdom i alderen 16-24 år.  Andre kan følgje med dersom det er ledig plass.
· Gratis reise ved framsyning av ungdomskort med kvittering. Andre betaler kr 50,- uavhengig av reiselengde, det same som minstetaksten er på andre nattbussar.
· Rullestolar blir teke med der let seg gjere (i Voss og Bømlo).  (På Bømlo må funksjonshemma bestille plass ein time i førevegen.)  Rullestolbrukarar kan innanfor korte omvegar frå rutetraseen bli køyrd til heimdøra.  Elles stoppar rutene på busshaldeplassane.
· I Kvinnherad vert rutene køyrde med vanleg buss, i Voss og på Bømlo med maxitaxi/minibuss og i Odda med liten taxi.

Faste ruter
Andre fylke har prøvt seg med nattruter for unge, men har opplevt at det er vanskeleg å få ungdom til å førehandsbestille ruter.  Difor vil Hordaland fylkeskommune tilby faste ruter, bortsett frå i Odda, der det ikkje finst maxitaxiar og rutene difor må bestillast.  Dermed kan ungdomane vere trygge på å kome seg heim utan å risikere å måtte sitje på med utrygge sjåførar.

Meir nformasjon om «Trygt heim»

Stanley Hauge 19.08.2005 11:19
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart