Osterøy har den vakraste bokbussen

På den internasjonale bibliotekkonferansen i Oslo vart bokbussen på Osterøy kåra til den vakraste. Den konkurrerte med 30 andre bokbussar frå dei nordiske landa, Tyskland og Storbritannia.

Hordaland er det største bokbussfylket i landet med i alt 7 bibliotekbussar, tre av dei var til stades i Oslo. Bussen frå Osterøy er dekorert av Bjørn Ousland som har laga teikneserie av eventyret ”Soria Moria”, som også er namnet på bussen.
Konferansen gav ny giv og inspirasjon til bokbussentusiastane med innlegg frå England, Chile, Indonesia og to innlegg frå Hordaland: Prosjektleiar Tone Vatle frå Osterøy fortalde om eit lesestimuleringsprosjekt i sju kommunar i Nordhordland der bokbussen er eit viktig verkemiddel. Elin Golten frå Hordaland fylkesbibliotek presenterte bokbåten, som er godt kjent utover landegrensene.

17 færre bokbussar
Sidan det øyremerka tilskotet til investering og drift av bokbussar blei fjerna i 2000 har ein i Noreg opplevd ein nedgang frå 52 til 35 bokbussar. Til samanlikning er det i Danmark om lag 50 bussar, i Sverige 100 og i Finland er det 200 bokbussar. Det vil seie at nesten annankvar kommune i Finland har ein bokbuss som går ut til skular og til folk som ikkje har lett tilgang til bibliotektenester.

150 deltakarar frå heile verda
I tilknyting til World Library and Information Congress som vart arrangert i Oslo


I konkurranse med 30 andre bokbussar i Europa, gjekk bokbussen på Osterøy til topps som den vakraste. Den er dekorert av Bjørn Ousland, som har laga teikneserie av eventyret ”Soria Moria”.


Prisane til den mest innovative bokbussen og favorittbussen gjekk til den engelske East Riding Travelling Library med pc-ar, breiband, videokonferanse med offentlege etatar og arkiv- og museumstenester.

andre veka i august, stod Hordaland fylkesbibliotek i spissen for ein prekonferanse om mobile bibliotek. Konferansen samla 150 deltakarar frå heile verda og 31 bokbussar frå dei nordiske landa, Tyskland og Storbritannia. Bussane rulla inn på Holmenkollsletta med bøker, filmar, CD-ar og lydbøker, hestekrefter, air condition og sju-trinns girkasse, alt innbundne i vakker dekor.

Mest innovative bokbuss
Mange av dei over 3000 deltakarane på WLIC-kongressen fann også vegen til Holmenkollen for å sjå utstillinga av bokbussar. Dei kunne studere bussar i alle storleikar og fasongar, som utanfrå signaliserer at her kan ein vente seg kultur og opplevingar og ikkje billettvesker og rutetrafikk.
Prisane til mest innovative bussen og favorittbussen gjekk til den einaste engelske deltakarbussen på festivalen. East Riding Travelling Library er eit rullande moderne bibliotek som peiker framover mot ein ny generasjon bokbussar. Bussen frå England hadde fleire Pc-ar til bruk for publikum, breiband, videokonferanse med offentlege etatar, og arkiv- og museumstenester.  Målet har vore å erstatte gammaldagse og dyre filialar med moderne, mobile bibliotek.


Ruth Ørnholt 29.08.2005 11:57
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart