Nordsjøfartmuseet minnest Hiroshima og Nagasaki

– Atomvåpen har ikkje vore brukt i krig sidan bombene ramma Hiroshima og Nagasaki dei varme augustdagane for 60 år sidan. Men dette er eit av dei dystraste kapitla i soga vår. Desse hendingane må aldri få skje igjen! sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyb

Utstillingar frå JapanFylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, den japanske ambassadøren i Noreg – Susumu Fukuda (midten) og ordførar Albrigt Sangolt i Sund ved opninga av utstillingane om atombombene som vart sleppte over Hiroshima og Nagasaki for 60 år sidan. (Foto: Geir Magnus Nyborg.)
Som det første museet i Skandinavia har Nordsjøfartmusset ved styrar Egil Christoffersen sikra seg to japanske utstillingar som handlar om atombombene som vart sleppte over Hiroshima og Nagasaki ved slutten av 2. verdskrig i 1945.

Utstillingane kjem frå Hiroshima Peace Memorial Museum. På 50 store plansjar ved historia om atombombene som ramma dei to byane formidla. Den eine utstillinga viser kva som skjedde då USA sleppte bombene, dei mange menneska som vart drepne og dei store materielle øydeleggingane.

Sadako
Den andre utstillinga handlar om dei 12 år gamle jenta  Sadako. Ho personifiserer bombeofra. Dei to utstillingane utfyller kvarandre og formidlar både det store og det nære biletet av katastrofen.

Begge utstillingane vil stå på Nordsjøfartmuseet utover hausten, og museet ynskjer at mange skuleklassar nyttar høvet til å få eit innblikk i denne svært viktige delen av krigshistoria.

Telavåg – Japan
I opningstalen sin trekte fylkesordførar Selsvold Nyborg nettopp trådane mellom den lokale krigshistoria i Telavåg og atombombene som vart sleppte i Japan.

Selsvold Nyborg sa mellom anna: «Medan røyken låg over Hiroshima, byrja attreisingsarbeidet i Telavåg. Den 7. august kom tyske krigsfangar til bygda for å rydja og byggja veg. Vegen skulle setjast provisorisk i stand, slik at bilkøyring med materialar og utstyr snarast kunne ta til. Telefonsambandet skulle og gjenopprettast. Dei tyske krigsfangane vart internerte i ein spesialbygd leir. Det hadde stor symbolsk tyding at tyske militære styrkar måtte vera med å rydda opp og ta del i attreisinga i Telavåg før dei fekk reisa heim att.»

To sider av same krig
Dagen etter, onsdag 8. august, skreiv Bergens Tidende at arbeidet i Telavåg var kome i gang. Livet går vidare. Avisa si førsteside er dominert av eit vakkert bilete av to glade jenter i ein seglbåt. "To piker under seil for en sommerlig bør. Og tar vi ikke feil, har vi sett det før", lyder biletteksten. Men i spalta ved sida av står dei første, uklåre rapportar om verknaden av bomba i Hiroshima. Størstedelen av Hiroshima skal vera totalt utsletta, og langt utanfor det totaløydelagde området skal skadane vera enorme…
 
Ufatteleg
Fylkesordføraren sa i talen sin: «Etter kvart kjem den ufattelege sanninga fram: Hiroshima var ein by i ruinar og dei døde for mange til å kunne teljast. Ettertanken melder seg, mellom anna gjennom avisrapportar frå heile Europa: Tyder dette våpenet verkeleg slutten på all krig? Kanskje det heller tyder menneskeslekta si utsletting? Kva vil oppfinninga av eit slikt våpen få å seia for tilhøvet mellom landa? Mellom folk? Kor mange bombefabrikkar vil koma? Som vi veit, skulle andre verdskrigen koma til å verta avløyst av ein ny, kald krig…»

Takk til musea for utstillingane
Mellom dei som var til stades ved opninga av utstillingane var den japanske ambassadøren i Noreg, Susumu Fukuda, ordførar Albrigt Sangolt i Sund, og museumsstyrar Egil Christophersen.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg takka Hiroshima Peace Memorial Museum og Nordsjøfartmuseet for at utstillingane er realiserte.

Lokalt og globalt
– Når Hordaland fylkeskommune valde å satsa på utviklinga av Nordsjøfartmuseet her i Telavåg som vårt hovudmuseum for krigs- og okkupasjonshistorie, var det nettopp fordi den utrulege soga om hendingane her skulle verta ein del av den store verdsomspennande soga om krig og urett. Slik skulle ein kunna sjå dei store samanhengane og utforska spørsmål om krig og fred, brotsverk og menneskerettar for å læra – og ikkje gløyma. Soga om Hiroshima skal aldri gløymast, sa fylkesordførar Selsvold Nyborg ved opninga 6. august.

Stanley Hauge 08.08.2005 11:50
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart