Havbruksregionen Vestlandet markerte seg på AquaNor

Vestlandet markerte seg i år med felles stand på AquaNor-messa i Trondheim 9.-12. august. Dei fire Vestlandsfylka saman med Bergen kommune stod som arrangørar av Vestlandsstanden. Over 30 verksemder som representerte heile breidda av aktørar frå produsen

«Rykte gjekk»
Fiskeri Forum Vest sytte for at den praktiske gjennomføringa vart ein suksess. Den felles Vestlandsstanden var ein av dei mest besøkte standane, det faglege programmet hadde fleire tilhøyrarar enn AquaNor sitt «speakers corner» og det gjekk «rykte» ut


Terje Søviknes (t.v.), Os-ordførar og medlem i fylkesutvalet og Vestlandsrådet, testa sjømaten saman med Bergensordførar Herman Friele.

i dei andre hallane om den kulinariske opplevinga  i vår sjømatbar, fortel spesialkonsulent  Siri Hanson i arbeidslaget Verdiskaping i kystsona.

Ministerbesøk
Vestlandsrådet og deira satsing på «nye oppdrettsartar» vart markert både i fagprogram, i utstillinga og i sjømatbaren som m.a. serverte eksklusive norske flatøsters produserte i Sunnhordland.
Fiskeri- og kystminister  Svein Ludvigsen besøkte fellesstanden


Fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen besøkte vestlandsstanden på Aqua-Nor to gonger. Her  forsyner han seg av sjømatdelikatessene. Til venstre kokk Ørjan Johannessen frå Neptun restaurant, ein av dei som sytte for den delikate maten.

to gonger, ein gong saman med kommunal- og regionalminister  Erna Solberg, og han deltok i «kokkekamp» med kokk Fredrik Hald. Vestlandet fekk vidare markert seg på Dagsrevyen og i fagpressa i samband med AquaNor.

Frå fylkesutvalet i Hordaland og som representantar  for vestlandsrådet deltok Mette Holmefjord Olsen, Gisle Handeland og Terje Søviknes. Fylkesadministrasjonen vart representert ved Inge Døskeland og Siri Hanson frå Arbeidslaget Verdiskaping i kystsona.


«Rykte» gjekk i messehallane i Trondheim om den kulinariske opplevinga i sjømatbaren på Vestlandsstanden og innrykket var stort.

Stanley Hauge 18.08.2005 11:50
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart