Fylkesutvalet i Hordaland rår til at HybridTech får konsesjon til bygging av tre vindmøller i kvart av områda Stolmen (Såta), Kvalvåg (Ystanestet) og Store Kalsøy i Austevoll. Ein tek atterhald om at meir kunnskap om havørn og kulturminneregistrering i s
HybridTech har søkt om konsesjon til å byggje ut tre vindmølleområde i Austevoll, kvar med tre vindmøller. I kvar av områda Stolmen (Såta) og Kvalvåg (Ystaneset) er det planlagd å nytte 3 stk vindmøller à 2MW, medan det for Store Kalsøy er planlagd å nytte 3 stk vindmøller à 3MW. Samla kan utbygginga gje i storleik 63 GWh vindkraft. I tillegg til vindmøllene må det etablerast ny veg inn i dei ulike områda, og ved kvart vindmøllepunkt ein montasjeplass på 800m2. Krafta vert ført ut av området i kabel ved veggrøft. Utover allereie planlagde tiltak i lokalnettet vil det ikkje vere trong for vidare nettforsterkingar. Samla er utbyggingane kostnadsrekna til vel 160 mill kr.
Utbyggingane vil sterkt redusere omfanget av inngrepsfri natur i Austevoll, og verke negativt for biologisk mangfald og friluftsliv. Verknadene for havørn i området er lite omtalt.
Mindretalet på fire i fylkesutvalet støtta forslaget frå fylkesrådmannen der vart rådd i frå at det vert gjeve konsesjon til utbyggingane. Dette forslaget hadde slik utforming:
«1. Fylkesdelplan for vindkraft 2000-2012 skal leggjast til grunn for utbygging av vindkraft i Hordaland. Fylkesutvalet peikar på at ønska utbyggingsmønster for vindkraft i Hordaland er enkelte større vindparkar (5 vindmøller eller fleire), framfor mange mindre vindmølleområde langs heile kystlina. Fylkesutvalet rår på prinsipielt grunnlag frå å gje løyve til dei tre konsesjonssøknadene frå HybridTech om bygging av tre vindmøller i kvar av områda Stolmen (Såta), Kvalvåg(Ystaneset) og Store Kalsøy.
2. Fylkesutvalet meiner at etablering av 4 vindmølleområde (inkl. Selbjørn vindpark) til saman vil vere ein for stor negativ visuell og fysisk inngripen i dei knappe urørte landareala i Austevoll. Fylkesutvalet vil peike på at sum-verknadene av dei mange vindmølleområda og havørnproblematikken burde vore betre omtalt i søknadene.
3. Dersom NVE likevel vil gje løyve til utbygging i regi av HybridTech vert Stolmen(Såta) vurdert som mindre konfliktfylt enn Kvalvåg(Ystaneset) og Store Kalsøy. Ein tek atterhald om at meir kunnskap om havørn og kulturminneregistreringar i samband med reguleringsplanarbeidet kan endre dette biletet.»