Fordeling av spelemidlar til lokale kulturbygg 2005

Kultur- og ressursutvalet har på møte 23. august fordelt 3.872.289 kroner til lokale kulturbygg. Det kom inn 34 søknader. 8 søkjarar fekk tilskot.

Det er for 2005 løyvd 48 mill. kroner til fordeling til kulturbygg på landsbasis. Av desse er Hordaland tildelt 3 789 394 kroner.

I Hordaland kom det inn 34 søknader med eit samla søknadsbeløp på 24 975 500 kroner.

Av desse har 8 søkjarar  fått tilskot tidlegare og lovnad på meir tilskot. Desse har eit samla søknadsbeløp på 4 009 000 kr. Til saman 3 872 289 kroner er stilt til disposisjon, 3 789 394 kroner pluss 82 895 kroner i rentemidlar.

Ei ny ordning, gjeldande frå 2005, gjev fylkeskommunen fullmakt til å bestemme sjølv korleis midlane skal nyttast. I dei tidlegare retningslinene er det teke med frå Kultur- og kyrkjedepartementet at søknader som har fått tilskot tidlegare og lovnad på meir tilskot skal prioriterast, og ved årets fordeling har ein funne det  rimeleg å nytte tidlegare retningsliner for tildeling av tilskot til kulturbygg.

Kultur- og ressursutvalet vedtok samrøystes slik fordeling:

Øygard I.L. AllaktivitetshusFjell kommunekr500.000
MagasinetVoss kommunekr500.000
Ulrikken skole, aulaBergen kommunekr482.000
Fitjar kulturhusFitjar kommunekr427.000
USF VerftetBergen kommunekr500.000
HetlevikfabrikkenAskøy kommunekr463.289
Bjorøy grendahusFjell kommunekr500.000
Hjelteryggen AllaktivitetshusFjell kommunekr500.000

Les saka i kultur- og ressursutvalet her

Eli Lothe 24.08.2005 08:24
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart