Alle med ungdomsrett får tilbod om skuleplass

Alle søkjarar med ungdomsrett har, etter at 3. inntaksomgang er avslutta i Hordaland, fått tilbod om plass den i vidaregåande skulen i samsvar med Opplæringslova. 339 søkjarar med ungdomsrett, som har venta på plass, har no fått tilbod. 418 søkjarar har f

3. inntaksomgang avslutta
Melding om inntaksresultatet vert sendt ut til søkjarane fredag 12. august. Søkjarane må vera merksame på at dei ikkje kan ta imot plassen på internett etter dette inntaket, men dei kan sende inn svarslippen på meldingskortet.  Elles er det slik at frammøte på skulen til tildelt plass første skuledag, stadfester plassen sjølv om svarslippen ikkje er sendt tilbake til inntakskontoret, understrekar inntaksleiar Nils Skavhellen.

Tilbod til alle med ungdomsrett
Ved 3. inntaksomgang vart det sendt ut tilbodsbrev til 757 søkjarar.  Av desse var det 339 søkjarar med ungdomsrett som ikkje tidlegare har fått eit skuletilbod. 418 søkjarar fekk melding om at dei hadde fått tilbod om plass ved høgare skule- eller kursønskje enn dei først fekk plass ved.

Alle søkjarar med ungdomsrett som har søkt vidaregåande skular har no fått eit tilbod i samsvar med opplæringslova.

Inntak etter skulestart
Som vanleg ønskjer Inntakskontoret å følgje opp dei søkjarane som har fått eit tilbod om plass der dei må bu på hybel, eller har fått lang skuleveg (dette gjeld ikkje dei som sjølv har søkt seg til desse skulane).  Utlysing om retningslinjene for dette kjem i Bergens Tidende og Bergensavisen laurdag 13. august..

Fredag 19. august prøver inntakskontoret å finne plass på høgare prioritert skule-/kurs til ovannemnde gruppe.
Elles vil ledige plassar i Bergen bli oppfylte frå ventelistene laurdag 20. august og søndag 21. august.

Restplassar
Måndag 22. august vil det bli lagt ut eit oversyn over heilt ledige plassar som alle interesserte kan få høve til å søkje.

Skulane utanfor Bergen tek over oppfyllinga av eventuelle ledige plassar frå måndag 15. august, og interesserte søkjarar må difor vende seg direkte til skulen.

Vi understrekar at ventelistene både til skular i og utanfor Bergen skal følgjast før det kan takast inn heilt nye elevar, seier leiar ved inntakskontoret – Nils Skavhellen.

Få ledige grunnkursplassar
Talet på ledige grunnkursplassar i Hordaland vil vere svært lågt, særleg innanfor yrkesfaglege studieretningar.  Til VKI/II er det heller ikkje stort utval av plassar dersom ein ser bort frå allmennfagleg studieretning.

Skulestart 2005-06
Alle dei vidaregåande skulane til Hordaland fylkeskommune har skulestart onsdag 17. august.

Ein del skular har lagt ut informasjon om det nye skuleåret på internettsidene sine.

Informasjon om skulestart. Du må sjølv finna den aktuelle skulen på lista.

Stanley Hauge 12.08.2005 13:13
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart