527 fleire har fått skuleplass, 345 på vent

527 av dei 872 søkjarane med ungdomsrett som stod utan skuletilbod etter 1. inntaket til dei vidaregåande skulane i Hordaland, har fått plass i 2. inntaksomgang. Framleis er det 345 søkjarar med ungdomsrett som ventar på plass. Det vert arbeidd med å oppr

Etter at 2. inntaksomgang til dei vidaregåande skulane i Hordaland er ferdig, er det totalt teke inn 15 892 elevar til dei skulane som er med i fellesinntaket.

Etter 1. inntaksomgang var det 872 søkjarar med ungdomsrett som stod utan skuletilbod.  Dette talet er no redusert til 345. Samanlikna med same tid i fjor er det omlag 120 fleire søkjarar med ungdomsrett utan tilbod.
 
Nye klassar kjem
Det er flest søkjarar utan tilbod til VKII Allmennfagleg påbyggingskurs, og opplæringsdirektøren arbeider med å få oppretta fleire klassar innanfor dette kurset.
 
Dei fleste søkjarane som no står utan tilbod er frå Bergensområdet.  Opplæringsdirektøren reknar med å finne plass til alle søkjarar med  ungdomsrett før skulestart, seier inntaksleiar Nils Skavhellen.
 
Ledige plassar
Det er også ein del ledige plassar ved dei vidaregåande skulane, særleg  VK I/II i studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag. Dette er plassar som det er vanskeleg å få fylt opp fordi det ikkje er fleire kvalifiserte søkjarar att.
 
Oversyn over ledige plassar etter 2. inntaksomgang vert  lagt ut på Inntakskontoret, Fylkeshuset, Agnes Mowinckels gate 5,  fredag 5. august.
 
3. inntaksomgang
Resultatet av 3. inntaksomgang vert sendt ut til søkjarane den 12. august.  Skulestart ved alle vidaregåande skular i Hordaland er 17. august.

Stanley Hauge 04.08.2005 08:45
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart