150 fleire har fått lærlingplass i år

Fagopplæringskontoret i Hordaland fylkeskommune har pr. 12. august i år formidla plass til ca. 150 fleire lærlingar enn på same tid i fjor. Hittil i år er ca. 1050 lærekontraktar formidla av fagopplæringskontoret.

I 2004 formidla fagopplæringskontoret i alt 1059 lærekontraktar. Lærekontraktar vert inngått heile året, men hovudmengda av kontraktar vert formidla i perioden frå mai til utgangen av august.

Om det er bedriftene som i år er tidlegare ute, eller om det er uttrykk for ein generell auke når vi alt no har formidla om lag like mange lærekontraktar som i heile fjor, er for tidleg å fastslå. Men at vi alt i første halvdel av august har fått på plass så mange læreplassar, er ei positiv utvikling, seier fagopplæringssjef Ole G. Fredheim.

Ledig i nokre fag, manglar plassar i andre
I enkelte fag er det ikkje nok søkjarar i forhold til behovet, det gjeld til dømes malarfaget, stillasbyggjarfaget og innan betongfaga. For dei som er interesserte og kvalifiserte til læreplass i desse faga, er det berre å melda seg snarast, seier fagopplæringssjef Fredheim.

På den andre sida er det i nokre fag mange fleire søkjarar enn det kan skaffast læreplassar til. Det gjeld innan elektrikarfaget, kokkefaget og bilfaget lette køyretøy.
— Eg oppmodar firma i desse bransjane til å tenkja langsiktig på rekrutteringa og ta inn lærlingar. Ta kontakt med fagopplæringskontoret snarast. Det er mange velkvalifiserte unge som er klar for utdanning og arbeidsinnsats i dei nemnde faga, seier fagopplæringssjefen.

For dei som ikkje får læreplass er det aktuelt å oppretta sluttopplæring (VK II – vidaregåande kurs II) i skulen. Slike klassar vil eventuelt verta oppretta i nokre fag i september/oktober, når fylkeskommunen har oversikt over kor mange som står utan tilbod.

Stanley Hauge 12.08.2005 12:13
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart