
Dronningens program i Hardanger under opninga av Streif 2005, vandring i bondens landskap
Informasjonsbrosjyre om fotoutstillinga i Agatunet (pdf)
Meir om Streif 2005, vandring i bondens landskap
Eineståande kulturlandskap
Opp gjennom tidene har folket i Indre Hardanger, bufaste under bergfall, forma naturen rundt seg til eit eineståande kulturlandskap. Fotografia til Knudsen og Adriansen viser oss fragment frå to ulike tidsepokar. Bileta dokumenterer arbeidsliv og arbeidsprosessar og skildrar kvardagslege prosessar og situasjonar frå livet på garden, møkkakøyring, slakting, slått og frukthausting. For bøndene langs Sørfjorden var det pittoreske og storslegne i nasjonalromantikken, og måleri som ”Brudeferden i Hardanger” av Tiedemand og Gude, synonymt med eit tungdrive og trassig kulturlandskap under trugande bergfall og den glasiale pusten frå breen.
Pittoresk og produktiv
Brytinga mellom det pittoreske og det produktive landskapet er eit sentralt element i fotografia til Knud Knudsen frå 1870 og framover. Han var både deltakarar og observatør i dette landskapet, fruktdyrkar på Tokheim i Odda og fotograf med blikk for den veksande turistmarknaden.
Storslegne bakgrunnskulissar
Fotografia til Alf Adriansen frå 1930- og 40-åra viser eit meir synleg pittoresk landskap med storslegne bakgrunnskulissar for arbeidsprosessane. Bileta hans viser kva bøndene har å bala med i dei bratte fjellsidene under breen. Menneska blir små i det store landskapet. Samstundes formidlar Adriansen samspelet mellom menneske og natur, gjennom innblikk i ein tidsepoke med driftsformer som no er historie.
Markering av 100 år for unionsoppløysinga
Fotografia er utstilt på Agatunet fram til 15. august og er ein del av markeringa av 100 årsjubileet for unionsoppløysinga. Utstillinga er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Agatunet.
Bjarte Brask Eriksen