Trådlaust måle- og kontrollsystem vann NyskapingsCupen 2005

Fire jenter ved Høgskolen i Bergen vann NyskapingsCupen med eit system dei kallar trådlaust måle- og kontrollsystem". Føremålet er å auke tryggleiken offshore.

Siw Berit Tveit (f.v.), Malin Gjerde, Eli Bergsvik, rektor ved Høgskolen i Bergen og Marit Hannisdal. Tove Gjerde som er den fjerde av vinnarane var ikkje til stades under utdelinga i Førde.

Prisen som er på 10 000 kroner vart overrekt av fylkesordførar i Sogn og Fjordane og leiar i Vestlandsrådet Nils R. Sandal på Vestlandsrådet si samling i Førde 21. og 22. april.

NyskapingsCupen på Vestlandet har som mål å stimulere til å vere oppfinnsam, skapande og til å setje ideane og tankane ut i livet. Studentar og tilsette ved høgskulane er difor inviterte til å konkurrere om beste nyskapings- og forretningside.
Deltakarar har vore høgskulane i Bergen, Stord/Haugesund, Sogn og Fjordane saman med Universitetet i Stavanger. Med i Vestlandsjuryen har vore Norvald Skretting, næringssjef i Rogaland fylkeskommune, Kåre Thomassen Spissøy, Innovasjon Noreg, Hordaland og Øystein Stavli, dagleg leiar i A/S Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.

I tillegg til førstepremien vart det delt ut ein andrepremie på 6000 kroner til Elin Stavang, Høgskulen i Sogn og Fjordane for ”Toalettrenser 2005”, og ein tredjepremie på 3000 kroner til Per Christian Møgster, Høgskulen i Bergen for PcmFence.

Vinnarlaget går siste året på automasjonsstudiet. Dei reknar med å kunne presentere eit ferdig prosjekt i juni i år.
”Vi har hatt god hjelp og støtte i arbeidet frå oppdragsgjevar Helge Moe i Det Norske Veritas og rettleiaren vår Egil Bru Overaa,” seier vinnarane.

Henning Rivedal

27.04.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart