Hordaland fylkesutval stiller seg bak Riksantikvaren sitt framlegg om å freda Bergenhus festning, inkludert Sverresborg og delar av Koengen.
Fylkesutvalet seier i vedtaket sitt at fredingsframlegget vil gje godt og varig vern av festningsanlegget som ein heilskap og dermed tryggja eitt av fylket og landet sine mest verdfulle kulturminne for framtida.
Fylkesutvalet ser det mest tenleg at deler av Ekserserhuset vert inkludert i
utviklingsplanen for Jonsvollkvartalet. Fylkesutvalet meiner likevel Koengen kan vera ein aktuell stad for gjenreising av Ekserserhuset frå Jonsvollkvartalet/Engen, og vil be om at § 1 i framlegget til fredingsføresegner for Bergenhus festning vert endra slik at det vert rom for ei slik gjenreising.
Fylkesutvalet meiner området må sjåast i samanheng med Bryggen og at vern
gjennom bruk blir eit hovudfokus for framtida til området. Restaurantar, kaféar
og konsertarenaer kan vera noko av innhaldet i framtidig bruk av festningsanlegget og
det tilknytta område.
Mindretalet på sju (A, RV, SV, V og SP) røysta mot plassering av Ekserserhuset på Koengen.
StanleyHauge