Hardangerbrua (biletet), forbetring av Kyststamvegen og Bergensprogrammet står på toppen av priorteringslista til samferdselsutvalet i Hordaland. Utvalet har prioritert den vidare riksvegutbygginga i fylket for perioden 2006 til 2015.

Prioriteringa er gjort i handlingsprogrammet til Nasjonal Transportplan (NTP)
Samferdselsutvalet vil understreke at ramma i handlingsprogrammet ikkje er tilstrekkeleg til å løyse dei samferdselsutfordringene Hordaland har dei neste 10 åra. Dette er ein alvorleg situasjon, som vil påverke framkomst og tryggleik og er såleis alvorleg for konkurranseevna på Vestlandet og gjer det vanskeleg å kome nærare måla i 0-visjonen om at ingen skal miste livet i trafikken.
Samferdselsutvalet vil og peike på at det ikkje er heldig at luftfarten ikkje lenger er ein del av NTP. Flyplassar og luftfart er ein viktig del av samferdsla på Vestlandet, og bør sjåast i saman med øvrige samferdsleløysingar.
Samferdselsutvalet føreset at det vert teke omsyn til miljøet i planlegging og gjennomføring av prosjekta, og at det vert innarbeid gode kollektivløysingar som gjer reisemåten til eit godt alternativ for fleire.
Saka går vidare til fylkesutvalet 28. april og til det ekstraordinære fylkestinget 4. mai.
Tilrådinga til fylkestinget i 17 punkt
Bjarte Brask Eriksen