Ny finansiering av Jondalstunnelen

Ein ny prognose viser at bompengeinntektene for Jondalstunnelen vil svikte med 43 millionar kroner. Eit samrøystes samferdselsutval i Hordaland rår fylkestinget til å godkjenne ny finansieringsplan med inndekking av denne summen. I tillegg skal Hordaland


For ikkje å seinke handsaminga av bompengesøknaden i Stortinget i vårsesjonen sender Hordaland fylkeskommune 14. april brev om den nye finansieringa til Vegdirektoratet. Den nye finansieringsplanen skal endeleg godkjennast av ekstraordinært fylkesting 4. mai.

Den nye finansieringsplanen går ut på at bompengetaksten skal auke med fem kroner til 75 kroner og at kommunane Jondal, Odda og Kvam skal auke tilskotet sitt med ein million kroner kvar. Dessutan skal fylkeskommunen auke lånet sitt til tunnelen.

Svikten på 43 millionar skal dekkast inn slik:
10 millionar kroner i auka bompengar, tre millionar kroner i auka tilskot frå kommunane, fem millionar kroner i kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift og 18 millionar kroner i auka låneopptak. I tillegg skal sju millionar kroner dekkast inn ved førehandsinnkrevjing av bompengar på ferjesambandet Jondal-Tørvikbygd.
Jondalstunnelen er kostnadsrekna til om lag 530 millionar kroner. Av dette utgjer 83 millionar kroner bompengar.

Slik lyder tilrådinga til fylkestinget 4. mai:
1. Fylkestinget godkjenner justert finansieringsplan for Jondalstunnelen slik den går fram av saksførelegget.

2. Fylkestinget godkjenner at bompengesøknaden for Jondalstunnelen vert justert i samsvar med den endra finansieringsplanen slik den går fram av saksførelegget. Det inneber at ein søkjer om å få godkjent eit bompengeopplegg med ei ramme på 83 mill. kr (2004-kr).

3. Fylkestinget godkjenner at det i bompengesøknaden vert teke inn eit tillegg om bompengeinnkrevjing i ein periode på 15 år sjølv om bompengelånet er nedbetalt før denne tidsperioden. Bompengeinnkrevjinga er likevel avgrensa til å gjelda bompengelånet med tillegg av kommunane sine ekstratilskot og fylkeskommunen sitt ekstra låneopptak.

4. Fylkestinget viser til at før ein bompengesøknad kan fremjast for Stortinget, trengst det ei avklaring om korleis eventuelle kostnadsoverskridingar for tunnelprosjektet skal finansierast. I denne samanhengen understrekar fylkestinget at Jondalstunnelen er eit fylkesvegprosjekt som fylkeskommunen står ansvarleg for. Fylkeskommunen vil såleis ta på seg å dekka eventuelle kostnadsoverskridingar. Dette punktet er likevel ikkje å sjå på som ei fullmakt til å setja i gang prosjektet uavhengig av kostnaden etter at anboda er komne inn. Dersom det vert kostnadsoverskridingar må prosjektet handsamast på nytt av fylkestinget.

Bjarte Brask Eriksen

13.04.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart