I vedtaket heiter det at fylkesutvalet ber om at byggjeområdet næring rundt Engevik gard vert drøfta nærare med Fusa kommune med sikte på å finne ei plassering av dei nemnde utleigehyttene som er tenleg for næringsverksemd og samstundes ivaretek kulturmiljøet. Dette vart vedteke med 10 (H, Frp, KrF, V og Sp) mot 5 røyster (A, RV og SV).
Arbeidarpartiet fremja motsegn mot utbygginga ved Engevik gard. Dette fekk sju røyster og fall (A, RV, SV, V og Sp).
Vedtak:
1 Forslag til kommuneplan for Fusa 2004-2012 er på mange felt i samsvar med regional politikk. Fylkesutvalet viser til oppsummeringa i saksframlegget og ber om at planen likevel vert vidareutvikla på nokre punkt.
2 Kommuneplanen må fylgja opp fylkesdelplan for senterstruktur, service og handel gjennom ein klår senterstruktur.
3 Fylkesutvalet vil tilrå at ein prioriterer å leggja ut bustadfelt i sentrale senter/bygder i kommunen til dømes i Strandvik og Holmefjord i staden for å leggja ut LNF-område der ein tillet spreidd bustadbygging.
4 Fylkesutvalet ber om at byggjeområdet næring rundt Engevik gard vert drøfta nærare med Fusa kommune med sikte på å finne ei plassering av dei nemnde utleigehyttene som er tenleg for næringsverksemd og samstundes ivaretek kulturmiljøet.
5 Fylkesutvalet fremjar motsegn til planen på grunn av konflikt med automatisk freda kulturminne og kulturminne av nasjonal og regional verdi når det gjeld fylgjande område:Føresegner for LNF-område med høve til spreidd utbygging tek ikkje nok omsyn til verneverdige kulturminne eller kulturmiljø og potensial for funn av hittil ikkje kjende automatisk freda kulturminne
Føresegner for byggjeområde tek ikkje nok omsyn til verneverdige kulturminne eller kulturmiljø
Byggjeområde for bustadområde på Vinnes gnr. 78 bnr. 2. I konflikt med gravrøys Askeladden ID 64090
Byggjeområde på Stølaneset Vinnes gnr. 78 bnr. 8,9. I konflikt med gravrøys Askeladden ID 25866
Byggjeområde bustad på Skåte gnr. 77 gnr. 4, Træneset. I konflikt med gravrøys Askeladden ID 25864, og i nærleiken av gravrøysane Askeladden ID 45836 og 72908
Byggjeområde naust på Holmefjord, Ådland, Havsgård, Selsvika, Vinessundet, Ådnavik ved Strandvik og Naustdalen/Lauvneset. Desse omfamnar verneverdig naustmiljø. Det må enten vera krav om utbyggingsplan eller reguleringsplan for nye tiltak. Alternativt kan det innarbeidast føresegner som sikrar at kulturvernmyndet har høve til å koma med fråsegn for enkelte byggesaker innafor området
Byggjeområde naust på Skåtavika er i konflikt med nausttuft Askeladden ID 25865.
Fylkesutvalet viser til at automatisk freda kulturminne er bandlagt areal og må visast på kommuneplankartet som bandlagt areal
6 Fylkesutvalet tek atterhald om byggjeområde i kommuneplanen inntil undersøkingsplikta etter § 9 i Kulturminneloven er oppfylt.
Bjarte Brask Eriksen