Heidra toppidrettsutøvarar

Vinteridrettsutøvarar frå Hordaland er i den internasjonale toppeliten. Det kunne fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg slå fast då ho måndag 25. april delte ut fylkeskommunen sitt fat for særlege idrettsprestasjonar. Tre skiskyttarar og ein langrennsløpa

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg omkransa av toppidrettsfolk. Framme Liv Grete Skjelbreid Poiree (t.v.) og Anne-Elen Skjeldbreid. Bak Egil Gjelland (t..v) og Kristen Skjeldal.

Fylkeskommunen sitt fat for særlege idrettsprestasjonar er ei utmerking som heng svært høgt. Det er idrettsprestasjonen som kvalifiserer utøvarane til slik utmerking. Kravet er medaljeplassering i verdsmeisterskap (evt. i verdscupar samanlagt) eller olympiske leikar. Verdsrekordar vil også kvalifisera til å få fylkeskommunen sitt fat.

Oppsamlingsheat
Det var Liv Grete Skjelbreid Poiree, Anne-Elen Skjelbreid, Egil Gjelland og Kristen Skjeldal som vekk overrekt fata dei hadde kvalifisert seg til. Fylkeskommunen si fatutdeling har opp skjedd på eit tidspunkt då vinteridrettsutøvarane er opptekne med trening eller løp, så denne gongen vart det eit oppsamlingsheat med utdeling for fleire år tilbake.

Tildelinga denne gongen omfatta:
Liv Grete Skjelbreid Poiree, Hålandsdalen IL:
VM 2000: Gull sprint og fellesstart
OL 2002: Sølv 15 km og stafett
VM 2004: Gull sprint, jaktstart og fellesstart

Egil Gjelland, Voss skiskyttarlag:
VM 2000: sølv stafett
OL 2002: gull stafett

Anne-Elen Skjelbreid, Hålandsdalen IL:
Ol 2002: sølv stafett

Kristen Skjeldal, Bulken IL:
OL 2002: bronse 30 km

Stanley Hauge

25.04.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart