Fylkesutvalet tilrår justert finansieringsplan for Jondalstunnelen

Fylkesutvalet i Hordaland rår samrøystes fylkestinget til å godkjenna ein justert finansieringsplan for Jondalstunnelen. I det justerte opplegget er ramma for bompengeinntekter sett ned med 23 mill. kr til 83 mill. kr (2004-kr).


Regionvegsjefen meiner at bompengeinntektene er sette 38 mill. kr for høgt i den tidlegare vedtekne finansieringa.
Fylkesutvalet vil ikkje gå med på regionvegsjefen sitt krav om å stryka 8 mill. kr i førhandsbompengar på ferja Jondal-Tørvikbygd, og opprettheld denne inntekta i finansieringsplanen.
Fylkesutvalet rår til å auka satsen for bompengar i tunnelen med 5 kr til 75 kr, noko som vil gje 8 mill. kr meir i bompengeinntekter. Det kommunale tilskotet frå kvar av kommunane Odda, Kvinnherad og Jondal vert auka med 1 mill. kr. Kompensasjonsmidlar for auka arbeidsgjevaravgift vert auka med 5 mill. kr og fylkeskommunen skal auka låneopptaka med 14 mill. kr.

Fylkestinget skal handsama saka på det ekstra møtet 4. mai.

Fylkesutvalet rår fylkestinget til å godkjenna at det i bompengesøknaden vert teke inn eit tillegg om bompengeinnkrevjing i ein periode på 15 år sjølv om bompengelånet er nedbetalt før denne tidsperioden.
Bompengeinnkrevjinga skal likevel vera avgrensa til å gjelda bompengelånet med tillegg av kommunane sine ekstratilskot og fylkeskommunen sitt ekstra låneopptak.

Fylkeutvalet viser til at før ein bompengesøknad kan fremjast for Stortinget, trengst det ei avklaring om korleis eventuelle kostnadsoverskridingar for tunnelprosjektet skal finansierast. Utvalet rår fylkestinget til å streka under at Jondalstunnelen er eit fylkesvegprosjekt som fylkeskommunen står ansvarleg for. Fylkeskommunen vil såleis ta på seg å dekka eventuelle kostnadsoverskridingar.
Dette punktet er likevel ikkje å sjå på som ei fullmakt til å setja i gang prosjektet uavhengig av kostnaden etter at anboda er komne inn. Dersom det vert kostnadsoverskridingar må prosjektet handsamast på nytt av fylkestinget, heiter det i tilrådinga frå fylkesutvalet.

Stanley Hauge

29.04.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart