Samferdselsutvalet går inn for at den enkelte funksjonshemma i Hordaland skal få større årleg tilskot til transport. Dette er mogeleg fordi det i fjor var eit mindreforbruk på 6,3 millionar kroner i høve til budsjettet.
Samferdselsutvalet vurderer transportordninga som ei svært viktig ordning for at personar med nedsett funksjonsevne og som ikkje er i stand til å nytte offentleg transport, kan leva eit tilnærma normalt aktivt liv.
Totalt var budsjettet i fjor på 32 millionar kroner som stod til disposisjon for 13.500 funksjonshemma i Hordaland. Det medfører at kvar brukar får 2.370 kroner i støtte i gjennomsnitt. Men rekneskapen for 2004 viser at det stod att heile 6,3 millionar kroner.
Desse millionane vil samferdselsutvalet fordele med eit tillegg på 300 kroner til alle brukarar. I tillegg skal brukarar som treng berehjelp få 2.600 kroner ekstra. Rullestolbrukarar som er avhengig av elektrisk rullestol og som ikkje har eigen bil, får 600 kroner ekstra årleg. Brukarar som bur innanfor eit servicelinjeområde, får eit ekstra tillegg på 300 kroner årleg.
Samferdselsutvalet ber administrasjonen utgreie eigen delplan for transport innafor fylkesdelplan for funksjonshemma i Hordaland. Utgreiinga bør leggja opp til ei opptrapping av støtta. Ein bør sjå spesielt på oppstartskostnadene med spesialbil. Utgreiinga bør leggjast til grunn for vidare budsjettering frå 2007.
Ventelistene i Hordaland er no redusert til knapt 200 søkjarar. Alle desse bur i Bergen kommune. Utanom Bergen er det små eller ingen problem med ventelister. Dei aller fleste kommunane har ledig kapasitet og tek inn søkjarar fortløpande.
Saka blir endeleg avgjort av fylkesutvalet 28. april.
Bjarte Brask Eriksen