Aukar brukarsatsane i transport av funksjonshemma

Fylkesutvalet i Hordaland har vedteke å auka satsane innan transportordninga for funksjonshemma. Alle brukarar som får full kvote får auka tilskotet med 300 kr årleg. Rullestolbrukarar som er avhengig av elektrisk rullestol og som ikkje har eigen bil, får


Dei nye årlege satsane for full årleg kvote vert:
Ordinær brukar under 67 år 3 300 kr
Ordinær brukar over 67 år 2 700 kr
Blinde 4 800 kr
Rullestolbrukarar 4 800 kr
Rullestolbrukarar som er avhengig av elektrisk rullestol og som ikkje har eigen bil 5 400 kr
Rullestolbrukarar og andre brukarar som er avhengig av spesialbil og berehjelp 7 400 kr
Brukarar som bur innanfor eit servicelinjeområde (Bergen) 2 100 kr
Tillegg for brukarar under 40 år 1 500 kr
Tillegg til brukarar som bur meir enn 20 km frå kommunesenteret 1 000 kr

Fylkesutvalet seier i vedtaket sitt at utvalet vurderer transportordninga som ei svært viktig ordning for at personar med nedsett funksjonsevne, og som ikkje er i stand til å nytte offentleg transport, kan leva eit tilnærma normalt aktivt liv.

Stanley Hauge

30.04.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart