630.000 kr til restaurering av gamle båtar

Kultur- og ressursutvalet i Hordaland har fordelt 630.000 kroner til restaurering av gamle båtar. Flest pengar, 140.000 kroner, går til M/F ”Skånevik”. Denne gamle ferja, som vart bygd i 1967, er truleg det første fartøyet i Europa, saman med ”Skibladner”

Ved tildelinga er det teke omsyn til kva fartøy som har motteke direkte løyvingar frå Riksantikvaren. I 2005 har Riksantikvaren løyvd midlar til fartøya Skånevik, Granvin, Oster (biletet), Varthun, Tysso og Faun, til saman om lag 3 millionar kroner. Kultur- og ressursutvalet har teke omsyn til dette.
Tildelinga er slik:
MK Linholm kr 80.000
MS Granvin kr 50.000
DS Stord kr 70.000
MF Skånevik kr 140.000
Motorgavlen Silden kr 50.000
DS Oster kr 50.000
MY Faun kr 60.000
MS Varthun kr 80.000
Informasjon om fartøyvern kr 20.000
Midlar til klinking kr 30.000
Sum kr 630.000

Handsaming av søknad om tilskot til ”Jakten Oline” vart utsett.
”Nordsteam 2005” fekk avslag på søknad om midlar opprusting av til ferjelem ved Munkebryggen / tidlegare HSD-kaien på Nordnes. Kultur- og ressursutvalet utset denne saka til neste år.
Hardanger Fartøyvernsenter fekk avslag på søknad om tilskot til vernehamn for M/Y Faun og M/Y Tysso.

Eli Lothe

08.04.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart