35.000 kroner i miljøpris for Hordaland

Miljøprisen for Hordaland blir i år delt ut for 14. gong. Prisen er på 35.000 kroner og skal vere til heider og stimulans for einskildpersonar, lag eller verksemder som har gjort godt miljøarbeid i 2004.

Utdelinga av miljøprisen for 2003. Leiar av kultur- og ressursutvalet, Georg Indrevik (t.h.) overrekker prisen til Herleiv Halland for innsatsen mot bombefeltet på Mjølfjell.

Ved tidlegare tildelingar har både generelt miljøarbeid og gode miljøtekniske løysingar vore vinnarar. Døme på tema mellom vinnarane er lokalt miljøarbeid, kultivering av vassdrag, biologisk mangfald, vassdragsvern og miljøleiing.

Miljøprisen gjekk i fjor til Herleiv Halland for innsatsen mot bombefeltet på Mjølfjell. Elles har prisen dei siste åra gått til Dale Jakt og Fiskarlag, Nesttunvassdragets venner, og Vernelaget for Hesjedalsvassdraget i Vaksdal, for innsats for å ta vare på vassdrag, Herand Bygdelag i Jondal kommune for innsats i nærmiljøet som har ført til ei positiv utvikling i ei fråflyttingstruga bygd, og til Terje Walter Gilje for prosjektleiing for Telenorhuset på Kokstad.

Alle kan føreslå kandidatar til prisen. Forslaget må vere grunngjeve.

Forslag skal sendast til:
Hordaland fylkeskommune
Avdeling for strategi og utvikling
Postboks 7900
5020 Bergen

Frist 20. mai

Nærmare opplysingar:
Anne-Gro Ullaland, telefon 55 23 92 80
e-post: anne-gro.ullaland@post.hfk.no

 

Bjarte Brask Eriksen 19.04.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart