Vedtaket vart gjort med 7 røyster (KrF, Frp, H og P) mot 6 røyster (A, SV, V, Sp).
Eit forslag frå Åshild Eikefet Lien om å redusere løyvinga til 150.000 kroner fekk 6 røyster (A, SV, V, Sp) og fall.
”Bergen Internasjonale Stoccafisso 2005” er i hovudsak ein festival som har til mål å fremja kultur og næringsutvikling innan tørrfisknæringa og reiselivet.
Tørrfisk er i ferd med å bli internasjonal trendmat og ein festival i Bergen i 2005 har difor engasjert og samla mange nærings- og kulturaktørar, både nasjonalt og internasjonalt, til ein felles innsats omkring gjennomføringa av den første internasjonale Stoccafissofestivalen. Dette viser m.a. kva verdi næringane knytte til tørrfisken har hatt for nasjonsbygginga. I saksutgreiinga heiter det at det difor er naturleg for Hordaland fylkeskommune i samråd med Bergen kommune, å velja å innlemma festivalen i si 100-års markering i ”Norge – 2005” som eitt av to hovudprosjekt.
Mål for festivalen er å gjera folk generelt medvitne om kva tørrfisken har betydd for landet og Bergen, og korleis denne framifrå råvara vert brukt i dei landa som importerer tørrfisk. Ein vil visa publikum korleis tørrfisk kan takast bruk i norsk og internasjonal gastronomi og matkultur, og få til spennande og nye, gode matopplevingar. Dessutan vil ein visa kor viktig tørrfisknæringa er for landsdelen i nord og korleis ein kan samarbeida på tvers av landsdelane og mellom by og land og vidare internasjonalt med utgangspunkt i vår felles råvare.
Festivalen ”Bergen Internasjonale Stoccafisso-festival 2005” skal medverka til å fremja reiselivet i Kyst-Noreg frå Bergen til Finnmark, og med Italia, og festivalen vil gå føre seg i tida 10. – 12. juni på Bryggen i Bergen.
Samarbeidspartnarar er Nordland fylkeskommune, Røst kommune, Finnmark fylkeskommune, Hasvik kommune, Nord-Trøndelag fylkeskommune, Tørrfiskforum, Innovasjon Norge, Eksportutvalet for fisk, Bergen Næringsråd, RBL, NHO, Stiftelsen Bryggen og ”Torgdagen i Bergen”.
Sist, men ikkje minst er byen Genova ein viktig samarbeidspartnar. Ideen om festivalen blei godt motteken frå første stund og Genova, Innovasjon Norge i Milano og den Italienske ambassaden vert med på å gjera dette til ein internasjonal festival.
Meir om festivalen (pdf)
Arrangementskalender for hundreårsmarkeringa i Hordaland
Eli Lothe