Til Stortingsvalet 2005 er det levert inn 16 listeforslag i Hordaland. Til valet for fire år sidan var det 18 lister som vart godkjente.
Innleverte listeforslaga i Hordaland til valet 12. september 2005:
Senterpartiet
Høyre
Kristelig Folkeparti
Fremskrittspartiet
Venstre
Kystpartiet
Det norske Arbeiderparti
Raud Valallianse
Sosialistisk Venstreparti
Pensjonistpartiet
Miljøpartiet dei Grøne
Abort-motstandernes liste
Demokratene
Det Liberale Folkepartiet
Kristent Samlingsparti
Noregs Kommunistiske Parti
Av dei 16 innleverte listeforslaga er det tre nye i høve til dei godkjente ved valet for fire år sidan:
Abortmotstandernes liste, Demokratene og Det Liberale Folkepartiet.
Til valet i 2001 vart det i Hordaland levert inn 20 lister frå 19 parti, det var to listeforslag med overskrifta Det Liberale Folkepartiet. Listeforslaget frå Tverrpolitiske folkevalgte vart forkasta då det ikkje fylte lova sine minstekrav. Det eine listeforslaget med overskrift Det Liberale Folkepartiet vart godkjent under det nye namnet Hordalandslista, medan den andre DLF-lista ikkje vart godkjent.
Lister som vart godkjente i 2001, men som ikkje stiller i år: Hordalandslista, Det Politiske Parti, Fedrelandspartiet, Norsk Folkeparti, Naturlovpartiet.
Fylkesvalstyret skal på møte 26. mai handsama listeforslaga som er komne inn til Stortingsvalet 2005.
Stanley Hauge