Vil utarbeida politisk dokument for Vestlandsregion

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen føreslår at Vestlandsrådet skal be dei respektive fylkestinga om godkjenning for å starta eit arbeid for å utvikla eit politisk fundament for etablering av ein vestlandsregion. Saka kjem opp på Vestlandsrådet sitt møte i Krist


Debatten om det regionale styringsnivået er først og fremst knytt til professor Tor Selstad sin rapport – Sterke regioner – til Kommunenes Sentralforbund, Distriktskommisjonen som snart avgir si melding og kommunalministeren sin visjon om store kommunar, eventuelt storbykommunar som regionalpolitiske aktørar i eit to-nivå system, heiter det i fylkesrådmannen si saksutgreiing.

Fylkesrådmannen meiner at det no er tid for at regionen sjølv må setje dagsorden for regiondebatten. Han gjer difor framlegg om at Vestlandsrådet ber dei respektive fylkestinga om godkjenning for å starte eit arbeid for å utvikla eit politisk fundament for etablering av ein vestlandsregion.

Saksdokumenta

Stanley Hauge

27.09.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart