Tilrår fritt skuleval som prøveprosjekt i Bergen

Fylkesrådmannen i Hordaland tilrår å innføre fritt skuleval avgrensa til Bergen kommune som eit pilotprosjekt over to år med start frå neste skuleår. Forslaget inneber at skulane utanfor Bergen held fram med same inntaksordning som i dag. Pilotprosjektet


Forslaget avgrensar fritt skuleval til elevar som bur i Bergen kommune. Dei skal kunne søkje fritt på alle dei vidaregåande skulane innanfor bygrensene. Karakter vil dermed bli det som avgjer kva skule og studieretning vedkomande elev kjem inn på. Elevar som bur utanom Bergen kommune skal behalde systemet i dag, om forslaget blir vedteke. Det medfører at eleven kjem inn på nærmaste skule som har søkt studieretning under føresetnad at eleven har nok poeng til å komme inn.

Årsaka til at fylkesrådmannen tilrår å ha eit pilotprosjekt over to år, er for å få noko røynsle med fritt skuleval.

Saka kjem opp på eit ekstra møte i opplærings- og helseutvalet måndag 4. oktober. Deretter går saka til ekstra møte i fylkesutvalet 12. oktober. Endeleg avgjerd skjer på fylkestinget i Bergen 12.-13. oktober.

For å få elevane sitt syn, har Hordaland fylkeskommune gjennomført ei gransking hos elevane som går på førsteåret i den vidaregåande skulen. Den gjev ikkje eintydige svar. Rapporten er no tilgjengeleg som pdf-fil.

Saksførelegget til fylkesrådmannen

Nyhetssak om granskinga om fritt skuleval

Internettsidene til Analyse, utgreiing og dokumentasjon med meir informasjon om granskinga om fritt skuleval

Heile rapporten om fritt skuleval (pdf-fil – 21 sider)

Bjarte Brask Eriksen

24.09.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart