Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (biletet) og ordførar Solbjørg Åmdal Sandvik i Meland delte ut blomebukettar til dei 200 første køyretøya som passerte Nordhordlandsbrua etter kl. 06.00 i dag onsdag 22. september. Utdelinga skjedde som ei markering a
Jubileet vart elles markert ved at det vart gratis passering av brua i tre timar – mellom kl. 06.00 og 09.00 i dag. For mange av dei passerande var dette ei gledeleg overrasking og stemninga var god ved bompengebuene i morgontimane. Etter at blomebukettane hadde gått unna, gjekk det ei mengde twist-bitar til dei passerande.
«Ja, vi har no betalt for denne brua, så kva tid tek det slutt?» var spørsmålet frå ein av bilistane. — Slik det ser ut no vert det om mindre enn halvtanna år, like på nyåret i 2006, var svaret frå fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
I dei ti åra som er gått sidan Kong Harald V opna brua har det passert vel 28,5 millionar køyretøy over Nordhordlandsbrua. Fram til utgangen av august 2004 var det teke inn 1 078,8 mill. kr i bompengar sidan brua opna.
Av bompengeinntektene har 390 mill. kr gått til renter på låna, 630 mill. kr til betaling av lån og 50 mill. kr til innkrevingskostnader. Restgjelda på brua er 170 mill. kroner.

Stanley Hauge