Trafikken over Nordhordlandsbrua sette nye rekord i august med største tal passerande køyretøy for ein månad. I alt passerte 333.051 køyretøy brua. I gjennomsnitt utgjer dette 10.744 køyretøy i døgeret. Det er ein auke på 4,4 prosent i høve til same månad

Den gamle månadsrekorden var frå juli i år med 321.124 passeringar. I dei åtte første månadene i år har det passert vel 2,3 millionar køyretøy over brua. Det er ein auke på 3,5 prosent i høve til same periode i fjor.
Det er for tida to lån knytta til Nordhordlandsbrua på i alt 170 millionar kroner. Rentefoten er på 1,95 og 2,32 prosent.
Bjarte Brask Eriksen