Nei til fleire laksefjordar og laksevassdrag i Hordaland

Fylkesutvalet går på det noverande tidspunkt imot oppretting av fleire nasjonale laksefjordar og laksevassdrag i Hordaland. Fylkesutvalet går dermed imot at Vosso og Eidfjordvassdraget skal verta nasjonale laksevassdrag og at det skal opprettast nasjonale


Fylkesutvalet meiner at før det vert innført nye vernetiltak, må det gjennomførast ei evaluering og ei konsekvensutgreiing der føremålet må vera å sikra villaksen best mogleg, og at eventuelle reguleringar ikkje hindrar ei vidare utvikling av oppdrettsnæringa. Fylkesutvalet meiner at oppdrettsnæringa må halda fram arbeidet med å hindra rømming og utvikling og spreiing av lakselus.

Vedtaket i fylkesutvalet vart gjort med 11 (H, Frp, KrF, Ap) mot 4 (Sp, V, SV, RV) røyster.

Fylkesutvalet peikar på at oppdrett av laks i Hordaland er ei svært viktig næring og representerer ei verdiskaping på ca. 2 milliardar kroner i fylket. Næringa er i sterk utvikling også med andre marine artar, og betyr svært mykje for ei desentralisert sysselsetjing i fylket. Eit vernetiltak vil med dagens situasjon ramma 18 konsesjonar i Hardangerfjorden og 11 i Osterfjorden med ei direkte verdiskaping på over 300 mill. kr, påpeikar utvalet.

Mindretalet på fire (Sp, V, SV, RV) røysta for dette forslaget:
«1. Fylkesutvalet i Hordaland meiner både Vosso og Eidfjordvassdragt må få status som nasjonale laksevassdrag. Dersom det berre er rom for eit nytt laksevassdrag i Hordaland meiner fylkesutvalet at Vosso med den særmerkte storvaksne laksen må prioriterast.

2. Fylkesutvalet går inn for oppretting av nasjonale laksefjordar i Osterfjordbassenget og i Hardangerfjorden avgrensa til eksisterande mellombelse sikringssonar.

3. Fylkesutvalet meiner det er viktig med sterkt fokus på rømings- og luseproblematikken i Hardangerfjorden - uavhengig av eventuell status som nasjonal laksefjord. I denne oppdrettsintensive fjorden må det etablerast tilpassa restriksjonar til dei reelle problema for fjordsystemet.»

Stanley Hauge

22.09.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart