Midlar til nærmiljøtiltak i Hordaland

Hordaland fylkeskommune har sett av midlar til utvikling og ivaretaking av nærmiljø i fylket. Kommunar, samt lag og organisasjonar i samarbeid med kommune, næringsliv og/eller regionale aktørar kan søkje.


Nærare retningsliner for kva som må gå fram av søknaden, er gitt på søknadsskjema. Midlane skal nyttast til tiltak med fokus på:

1. Lokal Agenda 21.
Hordaland fylkeskommune har vedteke eit eige handlingsprogram for å fremje og støtte LA21 arbeid. Målet er å få til lokalt samarbeide om å skape bærekraftig utvikling i det 21.århundre.

2. Friluftsliv og fysisk aktivitet.
Hordaland fylkeskommune vil tilrettelegje for at alle skal ha høve til å drive friluftsliv som ein helse- og trivselsskapande, naturvenleg aktivitet. Friluftsliv har og ei viktig rolle i utvikling av gode lokalsamfunn.

3. Spelemidler, mindre kostnads-krevjande anlegg.
Fylkeskommunen ønskjer også å stimulere til bygging av anlegg for eigenorganisert fysisk aktivitet i nærmiljøet, og tildeler statlege spelemidlar til mindre kostnads-krevjande nærmiljøanlegg.

Søknadskjema:
For 1 og 2 må det nyttast SØKNADSSKJEMA som er å finna på internett www.hordaland.no/skjema.doc eller du kan ta kontakt med Arbeidslaget for lokalsamfunnsutvikling, tlf. 55 23 93 06.
For 3 får ein søknadsskjema ved å vende seg til Kultur- og idrettsavdelinga, tlf. 55 23 91 85.

Søknad skal sendast til:
Hordaland fylkeskommune, Lokalsamfunnsutvikling, PB 7900, 5020 Bergen

Søknadsfrister
Tildeling til 1 og 2 skjer to gonger årleg med søknadsfrister 20. april og 20. september
For 3 kan det søkjast gjennom heile året.

Fleire opplysningar og søknadsskjema

08.09.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart