Lite nytta fiskeartar skal bli kommersielt utnytta

Langs norskekysten finst det fleire hundre ulike fiskeartar som ikkje blir kommersielt utnytta. På arrangementet ”Sjømat for alle” i Bergen vart ulike artar presentert. Målet er å auke verdiskapinga for kystfiskarane.

Stein Mortensen frå Havforskingsinstituttet (t.v.) og prosjektleiar Björgolfur Håvardsson i Hordaland fylkeskommune presenterte lite nytta fiskeartar på ”Sjømat for alle”-arrangementet i Bergen.

- Berre nokre titals artar vert nytta kommerselt i Noreg, fortel Björgolfur Håvardsson. Han er leiar av Sør-Noreg-delen av prosjektet betre nytting av lite nytta kystnære ressursar (LUR). Prosjektet er forankra i Hordaland fylkeskommune.

Etterspurd
Håvardsson fortel at langs kysten finn vi fleire hundre ulike fiskeartar, krepsdyr, pigghuder, sniglar, muslingar og algar.
- Mange av desse er etterspurde i andre land eller kan bli nye, spanande sjømatprodukt i Noreg. Ved å auke nyttinga av desse kan vi auke verdiskapinga samstundes som kystfiskarar får fleire bein å stå på. Glasmanet, slimål og sjøpølse er kan hende litt for eksotisk for norske ganar, men er alt godt betalte produkt i utlandet. Mange flatfiskartar, leppefisk, sniglar og muslingar kan derimot bli meir populær kost også i Noreg.

Lære noko dei vaksne ikkje kan
Prosjektet skal mellom anna identifisere aktuelle artar, marknadspotensial og flaskehalsar i verdikjeda.
- Ei open haldning og respekt for andre lands matkultur er viktig når vi skal utvikle desse artane som eksportprodukt. Vi freistar samstundes å inspirere ungdom i vidaregåande skule til å starte ungdomsbedrift innan fiskeri- og kokkefag med desse artane. Ungdommen får prøve noko nytt og spanande som dei vaksne er skeptiske til, samstundes som det er mogeleg å lære noko dei vaksne ikkje kan, seier prosjektleiar Björgolfur Håvardsson.

Meir informasjon om verdiskaping i kystsona

14.09.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart