11-årige Oskar Dickson vann før jul i fjor den årlege teiknetevlinga i samband med arrangementa i Edinburgh knytt til tenning av juletreet frå Hordaland. No midt i september var tida komen for å nytta premien, ein tur for Oskar og familien til Bergen.
Det vart eit litt vått bergensopphald for Oskar og familien då det var her førre helg. Men det sette ikkje dempar på stemninga for Maragerth og Tony (foreldra), Martin og brødrene Paul (15) og Scott (4).
Under besøket i Fylkeshuset vart Martin og familien helsa velkomne av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. Fylkesordføraren overrekte Martin ei flott biletbok om Vestlandet (biletet). På programmet stod elles ein tur til badeland i Vestkanten, Fisketorget og Fløien i Bergen, og til Steindalsfossen i Norheimsund.

Stanley Hauge