Ikkje eintydig om fritt skuleval

Ei gransking om fritt skuleval i den vidaregåande skulen i Hordaland gjev ikkje eintydige svar. Eit spørjeskjema er sendt ut til alle grunnkurselevar. 54 prosent av elevane har svart. Av desse vil 45 prosent ha fritt skuleval, mens 37 prosent vil behalde


Granskinga er gjennomført etter vedtak i fylkesutvalet 26. august og vart presentert på møtet i opplærings- og helseutvalet torsdag 16. september. I eit ekstraordinært møte måndag 27. september skal opplærings- og helseutvalet ta stilling til saka om fritt skuleval. Fylkesutvalet skal handsama saka på møte i samband med fylkestinget 12.-13. oktober i Bergen før saka vert endeleg avgjort på dette fylkestinget.

Litt sikrare
Granskinga syner at elevane på allmennfagleg grunnkurs i Bergen er litt sikrare enn elles i fylket på kva dei vil. 48 prosent ønskjer fritt skuleval, mens 43 vil ha ordninga i dag, der elevane blir styrt til nærmaste skule som har studieretninga eleven har søkt på og som eleven har nok poeng til å kome inn på. Her er ”veit ikkje”-prosenten fem og ”spelar inga rolle”-prosenten fire.

Fleire i Bergen ønskjer fritt skuleval
Det er altså fleire elevar i Bergen som ønskjer fritt skuleval enn i dei andre kommunane i Hordaland. Ser vi på studieretning, ønskjer fleire elevar på allmennfag fritt skuleval enn dei som tek yrkesfag.
Ser vi på karakterane frå ungdomsskulen er fritt skuleval mest populær hos elevane som har karakter over fem i snitt. 55 prosent av desse ønskjer fritt skuleval. men eit så høgt tal som 36 prosent av elevane som har snittkarakter mellom 2,0 og 2,9 ønskjer og fritt skuleval.

Kva er viktigast?
Elevane vart spurde om kva som er viktigast dersom ein kan søkje fritt både på studieretning og skule. 38 prosent meiner at studieretning er viktigast, mens 12 prosent svarar skule. Derimot svarar 39 prosent at dette må sjåast i samanheng, mens 11 prosent veit ikkje. Ser vi på utdanninga til foreldra, viser granskinga at interessa for fritt skuleval aukar med auka utdanning hos foreldra.

Dyktige lærarar, godt læringsmiljø
I granskinga er elevane spurt om kor viktig ein del faktorar er. Rundt 90 prosent svarar at dyktige lærarar, godt læringsmiljø, fagtilbodet og læringsmetodar er viktige. Låge reiseutgifter og at det er kort avstand mellom skule og heim scorar og høgt med mellom 70 og 80 prosent. 59 prosent svarar at det er viktig å kunne bu heime.
51 prosent av elevane meiner det er viktig at skulen ligg i Bergen kommune, 40 prosent at den ligg i ein by eller større tettstad, men berre 20 prosent svarar at det er viktig at skulen ligg i Bergen sentrum.
Derimot svarar 55 prosent at det er viktig at vennene går der. For 60 prosent er ryktet til skulen viktig.

Lite viktig at foreldre har gått på skulen
At foreldre eller andre i familien har gått på skulen har berre noko å seie for fire prosent av elevane. Skifte av miljø er viktig for 38 prosent, mens karaktersnittet ved skulen er viktig for 44 prosent. 20 prosent av elevane ønskjer ein skule som ikkje er for stor (mindre enn 500 elevar).

Vil jobbe hardare
57 prosent svarar at dei hadde jobba hardare for å få gode karakterar på ungdomsskulen om dei hadde visst at karakterane avgjorde kva skule eleven kom inn på. 25 prosent svarar nei, mens 17 prosent veit ikkje.
71 prosent av elevane trur at dei hadde fått ønskjet sitt oppfylt ved fritt skuleval, mens 13 prosent svarar nei og 16 prosent veit ikkje.

Lyttar mest på foreldra
Foreldre har mest å si for kva eleven vel. 55 prosent lytta mest til foreldra, mens 33 prosent lytta mest til venner.
I alt går det 6540 elevar på grunnkurs i den vidaregåande skulen i Hordaland. Av desse svarte 3529 elevar (54 prosent) på granskinga.

Powerpointpresentasjon av granskinga

Bjarte Brask Eriksen

16.09.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart