Hordaland fylkesutval rår til at det skal innførast anbod på bussrutedrifta i fylket frå 1. januar 2008. Overgangen til anbod skal skje gradvis. Tilrådinga til fylkestinget, som skal avgjera saka 12.-13. oktober, er gjort med 9 (H, Frp, KrF, V) mot 6 (Ap,
Mindretalet støtta eit forslag om at fylkestinget først skal ta stilling til nye avtaleformer når dei noverande kvalitetskontraktane er evaluerte ved utgangen av 2005.
Nogjeldande kvalitetsavtalar med rutebillaga går ut 31. desember 2007. Med verknad frå 1. januar 2008 må fylkeskommunen ha på plass nye avtalar som sikrar fylkeskommunen sine interesser som ansvarleg for bussrutene i fylket. Fylkesutvalet tilrår at det vert opna for ei gradvis konkurranseutsetjing av bussruteproduksjonen.
For å unytta ressursane best mogleg, tilrår fylkesutvalet at det vert nærare utgreidd korleis innkjøpa av rutetenestene best kan administrerast.
Med den noverande konsesjonsordninga har det vore praksis at rutelaga har hatt hovudansvaret for utforminga av rutetilbodet. Når fylkeskommunen skal nytta anbod som innkjøpsform, vil ansvaret for å utforma ruteplanane i større eller mindre grad verta overført til fylkeskommunen. Det vil stille større krav til fylkeskommunen når det gjeld administrative ressursar og kompetanse, men samstundes mindre krav til rutelaga som får redusert sitt ansvar til å køyre rutene.
Hordaland har stor ruteproduksjon og til dels komplisert rutestruktur, noko som talar for å innføra anbod gradvis. Kva ruter eller rutepakkar som bør leggjast ut på anbod må utgreiast nærmare, påpeikar fylkesrådmannen i saksutgreiinga.
For å utnytte dei administrative ressursane mest mogleg effektivt, bør det etter fylkesrådmannen si meining vurderast å oppretta eit felles innkjøpsorgan for all kollektivtransport i Hordaland. Ein slik innkjøpsorganisasjon bør også kunne ta hand om innkjøpa av rutetenester i Bergen kommune. Eit slikt felles organ vil etter fylkesrådmannen si vurdering ikkje vere til hinder for at forvaltninga av forsøket i Bergen kommune eventuelt vert gjort permanent. Kommunen og fylkeskommunen vil då ha ein bestillarrolle medan innkjøpsorganet vil stå for gjennomføringa av innkjøpa, heiter det i saksutgreiinga. Organisering av og oppgåver for ein slik felles innkjøpsorganisasjon, rår fylkesutvalet til skal utgreiast nærare.
Stanley Hauge