Ber fiskeriministeren vurdera tryggleiksrutinar og oljeverndepot på Fedje

Hordaland fylkesutval ber i ei samrøystes vedteken fråsegn om at fiskeriministeren på ny vurderer tryggleiksrutinane og tryggleiksystemet for skipstrafikk i dette krevjande farvatnet Mongstad – Fedje – Sture på Hordalandskysten.

Saka vart teken opp i fylkesutvalet på bakgrunn av nesteulukka med gasstankaren «Marte» ved Fedje 21. september.

Hordaland fylkesutval meiner det er behov for ei auka satsing og styrking av oljeberedskapen, og ikkje berre ei omfordeling av ressursar slik det har skjedd med flytting av hovuddepoet frå Fedje til Florø.
«Fylkesutvalet vil – på nytt – innstendig be om at fiskeriministeren og regjeringa gjer om det fullstendig uforståelege vedtaket om å leggja ned det statlege oljeverndepotet på Fedje. Fylkesutvalet vil ikkje akseptera at ikkje det absolutt maksimale vert gjort for å unngå ulykker og konsekvensane av desse i eit av verdas mest utsette og trafikkerte farvatn,» heiter det i fråsegna.

Fråsegna som var vedteken var eit fellesforslag frå fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og Gisle Handeland (Ap).

Fråsegna fylkesutvalet har vedteke å senda fiskeriministeren, Kystverket og aktuelle komitear i Stortinget, har denne ordlyden:
«Den raske reaksjonen til Fedje trafikksentral, innsatsen og handlekrafta til trafikksentralen, taubåtmannskapa og politiet hindra ei alvorleg ulukke då gasstankaren «Marte» fekk motorsvikt og var nær ved å verta kasta i fjøresteinane på Fedje 20. september 2004.

Hendinga syner kor små marginane er, og kor dramatiske konsekvensane kan bli, når uhellet er ute i dette vanskelege og sterkt trafikkerte farvatnet. Ein annan utgang på situasjonen kunne ha gitt katastrofale følgjer for skipsmannskapet, dei andre deltakarane i aksjonen og lokalsamfunnet Fedje.

Området Mongstad – Fedje – Sture på Hordalandskysten er ut frå transportmengde og talet på båtlaster med olje og gass eit høgrisikoområde for oljeureining. Med grunnlag i dei viktige ressursane og verdiane som vi lever av og må ta vare på i desse områda, krevst det at oljevernet har topp prioritet og topp standard.

Hordaland fylkesutval har merka seg at hamnedirektøren i Bergen og omland hamneområde har teke til orde for ei sterk utviding av talet på oljeverndepot og at lastebåttrafikken må tvingast lenger frå kysten. Like eins at han trekkjer fram at god trafikksentralstruktur, losteneste og eskorteteneste er heilt nødvendig. Fylkesutvalet er samd i dette.

I lys av det som har hendt, vil fylkesutvalet be om at tryggleiksrutinane og tryggleiksystemet for skipstrafikk i dette krevjande farvatnet vert gjennomgått på nytt.

Det er behov for ei auka satsing og styrking av oljeberedskapen, og ikkje berre ei omfordeling av ressursar slik det har skjedd med flytting av hovuddepoet frå Fedje til Florø.

Fylkesutvalet vil – på nytt – innstendig be om at fiskeriministeren og regjeringa gjer om det fullstendig uforståelege vedtaket om å leggja ned det statlege oljeverndepotet på Fedje. Fylkesutvalet vil ikkje akseptera at ikkje det absolutt maksimale vert gjort for å unngå ulykker og konsekvensane av desse i eit av verdas mest utsette og trafikkerte farvatn.»

Stanley Hauge

22.09.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart