Saka kom opp som ein del av tiltak som skal gje Hordaland fylkeskommune økonomisk handlefridom. I alt skal 80 millionar kroner frigjerast i perioden 2004 til og med 2007. Det er mellom anna forslag om å fjerne den fylkeskommunale støtta til Manger folkehøgskule. I år gjev fylkeskommunen eit tilskot på 2,3 millionar kroner folkehøgskulen. I budsjettet for neste år er dette føreslege redusert til 1,3 millionar. Prosjekt handlefridom vil ta tilskotet heilt vekk frå 2006. RV og SV ønskjer ikkje å endre tilskotet til folkehøgskulen og røysta mot.
Saka går vidare til ekstra møte i fylkesutvalet 12. oktober og blir endeleg avgjort av fylkestinget 13. oktober.
Opplærings- og helseutvalet si tilråding:
1. Program for økonomisk handlefridom skal gjennomføre effektiviserings- og innsparingstiltak for til saman 25 millionar kroner i 2005. (Tilrådd mot ei røyst, RV).
2. Programmet skal klargjere omfanget av det fylkeskommunale ansvaret for elevar med psykiske problem og starte ein dialog med andre offentlege forvaltningsnivå om det økonomiske ansvar for denne gruppa. (Tilrådd mot fire røyster, A og RV).
3. Programmet skal klargjere omfanget av det fylkeskommunale ansvaret for opplæring av multifunksjonshemma elevar i 4. og 5. opplæringsår. (Tilrådd mot fire røyster, A og RV).
Alternativt framlegg til nytt punkt 2 og 3 frå SV: ”For å skåne desse elevane mest mogeleg skal ingen tiltak setjast i verk før ansvarsforhold, og økonomiske og pedagogiske konsekvensar er utgreidde og klargjorde”. (Fekk 5 røyster, A, RV og SV og fall).
4. Det vert lagt fram eige sak om Manger folkehøgskule der det vert vurdert endring i driftsform og eventuelt behov for økonomisk tilskot i ei overgangstid avgrensa til skuleåret 2005/06. (Tilrådd mot to røyster, RV og SV).
5. Elevveksten i 2005 skal møtast gjennom prosjekt ”lengre skuledag”. Tiltaket skal utprøvast ved utvalde skular. (Tilrådd mot to røyster, RV og SV).
Alternativt framlegg til nytt punkt 5 frå SV: ”Elevveksten i 2005 skal mellom anna møtast gjennom prosjekt ”lengre skuledag”. Tiltaket skal utprøvast ved utvalde skular. Ein skal likevel forsere utbyggingsprosjekt der det er planlagt”. (Fekk berre røysta til SV og fall).
6. Programmet skal prøve ut alternative organisasjonsmodellar for utvalde skular for å auke talet på elevar i klassane. (Tilrådd mot røysta til RV).
7. Kostnadene til kjøp av skuleplassar i Rogaland skal søkjast redusert ved at elevar i Sveio får plass i Hordaland. (Tilrådd med seks (KrF, H, Frp) mot seks røyster (A, SP, SV og RV). Leiaren brukte dobbelrøyst).
Alternativt framlegg til nytt punkt 7 frå Arbeidarpartiet: ”Arbeida for betre samarbeid, betre prising og betre avtalar om kjøp og sal av elevplassar mellom fylka som gjev gode praktiske, pedagogiske og økonomiske resultat”. (Tilrådd mot fem røyster, A, SV og RV og fall).
8. Alle eigedomar som ikkje vert brukte i fylkeskommunal tenesteyting skal seljast til ein god pris. Det vert innført betaling for parkeringsplassar. (Tilrådd mot fem røyster, A, SV og RV).
Alternativt framlegg til nytt punkt 8 frå Arbeidarpartiet: ”Fylkeskommunale eigedomar som ikkje er i bruk i den daglege drifta, vert vurdert med sikte på alternativ bruk, utvikling eller sal. Det vert innført betaling for parkeringsplassar. Den personalpolitiske dimensjonen i saka skal vurderast nærare”. (Dette forslaget fekk fem røyster, A, SV og RV og fall).
Bjarte Brask Eriksen