Hordaland fylkesting ber statsråden arbeide for at Hordaland får minst 15 mill kroner av reformmidlane over statsbudsjettet 2005.
Forslaget til fråsegna, som vart samrøystes vedteken var sett fram av Berit W. Eldøy (H). Fråsegna lyder:
«Statsbudsjettet 2005 – Konsekvensar for museumsreforma i Hordaland
I framlegg til statsbudsjett 2005 er det tydeleg at staten ikkje lenger følgjer opp museumsreforma. Staten har andre, og eigne prioriteringar til sentrale institusjonar som i statsbudsjettet er tilgodesett med reformmidlar. Hordaland fylkesting kan ikkje akseptera at landets tyngste museumsfylke vert neglisjert i økonomisk oppfølging av museumsreforma. Hordaland bruker over 25 mill kroner pr år på museumssektoren. Ikkje i noko fylke er statens del av den samla finansieringa mindre. Staten er i Hordaland langt unna sine retningsliner om 60% grense for fordeling mellom statleg og regionalt tilskot.
Museumsreforma vart sett i gang med sterke signal om meir enn 40 millionar friske kroner årleg til museumssektoren i ein periode på 5 år, frå 2002 til og med 2006. Etter at vår eigen fylkesdelplan for museum vart vedteken i samsvar med reforma, har det vore lagt ned eit omfattande arbeid i museumssektoren i Hordaland. Målsettinga har vore å arbeida i samsvar med føresetnadene i reforma for å kunna styrka sektoren fagleg og økonomisk ved å kunna få del i reformmidlane.
Hordaland fylkeskommune har lagt ned eit omfattande arbeid for å få reforma på plass. Etter det omfattande arbeidet med museumsplanen, har medarbeidarane våre teke del i prosessar i dei ulike einingane og det har vore stilt juridisk kompetanse og konsulentbistand til rådvelde for dei musea som har arbeidd saman om reforma. I tillegg har vi følgt opp innspela frå ABM-utvikling og politisk handsama og vidareformidla våre innspel til bruk av reformmidlar i 2005.
I fylkeskommunen sine prioriteringar for bruk av midlar for 2005, vart det først og fremst lagt til grunn at partar som har vist vilje og kraft til å følgja opp intensjonane i museumsreforma måtte tilgodesjåast med tilskot av reformmidlar. Dette gjaldt i første rekkje dei partane som har vore igjennom arbeid og prosessar med tanke på å inngå i konsoliderte einingar saman med andre partar.
Arbeidet med å konsolidera musea i Hordaland er no gjennomført frå fylkeskommunen og musea si side. Musea treng no økonomisk oppfølging frå staten for å realisera gevinstane med konsolidering.
Realiteten bak statsbudsjettet er at dei nye museumseiningane i Hordaland får vanskar med å realisera konsolideringa på forsvarleg vis.
Hordaland fylkesting meiner at den manglande oppfølginga av reforma i statsbudsjettet er eit løftebrot. Ei neglisjering av våre regionalpolitiske prioriteringar og svært skuffande for alle som har lagt ned eit omfattande arbeid for å få til reforma. Det er eit paradoks at det fremste museumsfylket i landet kjem så dårleg ut når reformmidlane skal fordelast. Under 2,5 % av den samla reformpotten har kome til Hordaland. I år – 2004 – fekk vi ingenting, og då var signalet frå ABM-utvikling at reformarbeidet ikkje var kome langt nok! For 2005 er berre 1,5 millionar kroner foreslått.
Resultatet vert difor dramatisk når det syner seg at Kultur- og kyrkjedepartementet legg reforma til side og i staden finn rom for store investeringar i Oslo. Dette sender særs uheldige signal inn i museumssektoren og kan koma til å bremsa opp heile reformprosessen.
Hordaland fylkesting ber statsråden sørgje for at museumsreforma ikkje stoppar opp og at staten følgjer opp pliktene sine overfor musea i Hordaland. Hordaland fylkesting forventar at staten står ved sine løfte om reell auke i tilskot frå reformmidlane til Hordaland. Hordaland fylkesting ber statsråden arbeide for at Hordaland får minst 15 mill kroner av reformmidlane over statsbudsjettet 2005.»
Stanley Hauge