Skal effektivisera og spara for 25 mill. kr i 2005

Hordaland fylkesting har vedteke at det innan programmet for økonomisk handlefridom skal gjennomførast effektiviserings- og innsparingstiltak for til saman 25 mill. kr i 2005. Fylkestinget har vedteke ei rekkje tiltak som skal utgreiast vidare for å oppnå


Vedtaket om innsparing for til saman 25 mill. kr vart gjort med 36 (H, Frp, KrF, Sp, Pensj., V) mot 20 (Ap, SV, RV) røyster. Arbeiderpartiet røysta primært for sitt forslag om at innsparinga skal vera på inntil 25 mill. kr. Forslaget fekk 15 røyster (Ap og V) og fall.

Vidare utgreiingar
Ut frå den økonomiske situasjonen som no ligg føre for fylkeskommunen, har ein sett det som naudsynt å gå gjennom opplæringssektoren med tanke på kva for oppgåver som strengt tatt er lovpålagde. I det ligg ei tolking av lover og forskrifter om kva oppgåver fylkeskommunen skal utføre. På dette grunnlag er hovudfokus retta inn mot område der ansvaret mellom kommune, fylkeskommune og stat kan vere uklårt, heiter det i saksutgreiinga.
Fylkestinget har i denne samanheng vedteke at programmet skal klargjere omfanget av det fylkeskommunale ansvaret for elevar med psykiske problem og starte ein dialog med andre offentlege forvaltningsnivå om det økonomiske ansvar for denne gruppa. (Vedteke mot 20 (Ap, SV, RV) røyster.) Like eins skal omfanget av det fylkeskommunale ansvaret for opplæring av multifunksjonshemma elevar i 4. og 5. opplæringsår klårleggjast. (Vedteke mot 22 (Ap, SV, RV, V) røyster.

SV fremja følgjande forslag til desse punkta:
«2. Tilbodet til elevar med psykiske problem skal ikkje forringast. Eventuelle tingingar mellom ulike forvaltningsnivå og etatar (stat/fylke/kommune) om ansvarstilhøve må gjennomførast uavhengig av elevane sine tilbod.
3. Multifunksjonshemma elevar skal ikkje få redusert tilbodet sitt. For å skåne desse elevane mest mogeleg, skal ingen tiltak setjast i verk før ansvarstilhøve og økonomiske og pedagogiske konsekvensar er utgreidde og klargjorde.»
Forslaget frå SV fekk 7 røyster (SV, RV) og fall.

Thorstein Dahle (RV) føreslo at fylkestinget skulle vedta at det ikkje er aktuelt for Hordaland fylkeskommune å føreta tiltak som kan ramma Kyrre skole og Ulriken skolesenter eller elevane der. Forslaget fekk 20 røyster (Ap, SV, RV) og fall.

Prøveprosjekt
For å kunna ta imot fleire elevar i dei vidaregåande skulane, har fylkestinget vedteke å setja i gang to prøveprosjekt. Prosjekt ”lengre skuledag” er tiltak som skal utprøvast ved utvalde skular.
Det andre tiltaket er utprøving av alternative organisasjonsmodellar for utvalde skular for å auke talet på elevar i klassane.
Desse punkta vart vedtekne mot 7 røyster (SV, RV).

Sveio-elevar
Eit punkt i fylkestinget sitt vedtak seier at kostnadene til kjøp av skuleplassar i Rogaland skal søkjast redusert ved at elevar i Sveio får plass i Hordaland. (Vedteke mot 26 røyster (Ap, SV, RV, V, Sp).)
Leiar i arbeidsgruppa for prosjekt handlefridom, fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, sa i fylkestinget at fylkeskommunen vil ta initiativ til dialog med Sveio kommune i denne saka.

Gisle Handeland (Ap) føreslo at fylkestinget skulle vedta følgjande om gjesteelevordninga og kjøp av plassar nabofylke imellom: «Arbeida for betre samarbeid, betre prising og betre avtalar om kjøp og sal av elevplassar mellom fylka som gjev gode praktiske, pedagogiske og økonomiske resultat.» (Forslaget fekk 26 røyster (Ap, SV, RV, V, Sp) og fall.)

Også SV fremja alternativt forslag om lag med same ordlyd som Arbeiderpartiet, men med slikt tillegg: «Fylkestinget vil drøfta gjesteelevsordninga med andre fylke for å unngå at opplæringstilbodet for ungdom som bur i "grensedistrikta" mellom 2 vestlandsfylke, vert svekka grunna kostnadane ved kjøp og sal av plassar!» (Forslaget fekk 7 røyster (SV, RV) og fall.)

Eigedomssal
Alle eigedomar som ikkje vert brukte i fylkeskommunal tenesteyting skal seljast til ein god pris, heiter det i fylkestinget sitt vedtak. Like eins at det vert innført betaling for parkeringsplassar. (Vedteke mot 20 røyster (Ap, SV, RV).)

Manger folkehøgskule
Lenkje til eiga melding

Fylkestinget sitt vedtak:
1. Program for økonomisk handlefridom skal gjennomføra effektiviserings- og innsparingstiltak for til saman 25 mill. kr i 2005. (Vedteke mot 20 (Ap, SV, RV) røyster.)

2. Programmet skal klargjere omfanget av det fylkeskommunale ansvaret for elevar med psykiske problem og starte ein dialog med andre offentlege forvaltningsnivå om det økonomiske ansvar for denne gruppa. (Vedteke mot 20 (Ap, SV, RV) røyster.)

3. Programmet skal klargjere omfanget av det fylkeskommunale ansvaret for opplæring av multifunksjonshemma elevar i 4. og 5. opplæringsår. (Vedteke mot 22 (Ap, SV, RV, V) røyster.)

4. a) Støtta til Manger folkehøgskule vert trappa ned over 2 år (2005: 1,3 mill. 2006: 0,65 mill).

b) Det vert starta opp arbeid med å finne fram til ei ny driftsform og/eller nye partnarar som kan vere med å sikre vidare verksemd. Det vert fremja sak om dette for opplærings- og helseutvalet og fylkesutvalet.
(Vedteke mot 22 (Ap, SV, RV, V) røyster.)

5. Elevveksten i 2005 skal møtast gjennom prosjekt ”lengre skuledag”. Tiltaket skal utprøvast ved utvalde skular. (Vedteke mot 7 (SV, RV) røyster.)

6. Programmet skal prøve ut alternative organisasjonsmodellar for utvalde skular for å auke talet på elevar i klassane. (Vedteke mot 7 (SV, RV) røyster.)

7. Kostnadene til kjøp av skuleplassar i Rogaland skal søkjast redusert ved at elevar i Sveio får plass i Hordaland. (Vedteke mot 26 røyster (Ap, SV, RV, V, Sp).)

8. Alle eigedomar som ikkje vert brukte i fylkeskommunal tenesteyting skal seljast til ein god pris. Det vert innført betaling for parkeringsplassar. (Vedteke mot 20 røyster (Ap, SV, RV).)

Stanley Hauge

13.10.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart