Radøy kåra til kulturkommunen i Hordaland 2004

Under fylkeskulturkonferansen for Hordaland i Ulvik 14. oktober vart prisen som «årets kulturkommune» tildelt Radøy kommune. Fylkeskultursjef Ingebjørg E. Astrup stod for overrekkinga av prisen.

På biletet ordførar i Radøy, Olav Steinar Namtvedt, fylkeskultursjef Ingebjørg Astrup og kulturkonsulent i Radøy, Rune Rydland.

I grunngjevinga for tildelinga heiter det at Radøy kan syna til stor breidde og gode resultat i kulturengasjementet sitt. Kommunen har som mål å ta vare på den kulturelle bakgrunnen sin og vidareutvikla kulturarbeidet i kommunen. Gjennom kystsogeveker, kulturdagar, musikk- og kulturskule, biblioteket og små og store tilskipingar vert kulturen levandegjort. Det er lagt ned mykje frivillig arbeid frå eit allsidig organisasjonsliv. I ei tid med stramt kommunebudsjett har Radøy kommune likevel makta å setja av midlar til både kulturfond og kulturminnefond. Radøy har også gjort ei utradisjonelt val av tusenårsprosjekt; ein barneheim i Moldova.

Tidlegare har Kvinnerad, Sveio, Bømlo, Fusa, Bergen og Odda vorte kåra til kulturkommunar i Hordaland.

Juryen har hatt fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, styreleiar i KS-Hordaland Magne Rommetveit og fylkeskultursjef Ingebjørg E. Astrup, som medlemer.

Stanley Hauge

15.10.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart