Praktverket ”Naturhistorisk vegbok, Hordaland” lansert

- Dette er ei skattekiste for alle som skal utforske naturen, sa medredaktør Nils Georg Brekke då ”Naturhistorisk vegbok, Hordaland” vart lansert 28. oktober. Boka følgjer opp Kulturhistorisk vegbok, og er ei storsatsing på formidling av kunnskapen om nat

Medredaktør Nils Georg Brekke (f.v.), hovudredaktør William Helland-Hansen og forleggar Svein Nord presenterer dei to vegbøkene for Hordaland, ”Kulturhistorisk vegbok” som kom for 10 år sidan og den nye ”Naturhistorisk vegbok”.

Første i sitt slag i verda
Boka er ei reise ut i landskapet og inn i kunnskapen. Ingen andre regionar eller land har tilsvarande bokverk.
- Føremålet er å få naturfagleg forsking ved Universitetet i Bergen ut frå kontora, arkiva og konferansane og fram til publikum, seier hovudredaktør av boka William Helland-Hansen. Nils Georg Brekke legg til at boka er skrive slik at folk flest kan lese den.
- Vi har lagt vekt på at språket skal vere forståeleg. Fagredaktørane har gjort ein kjempejobb, seier Brekke.

Medviten om skattane i naturen
Boka skal ikkje berre fortelje naturhistoria i Hordaland. Lesarane skal og bli meir medvitne om skattane i naturen.
- Vi føler boka vil gjere folk medvitne om naturvern og håpar det blir lettare å unngå skadelege inngrep i naturen. Fåkunne har vore til stor skade for naturen, seier Helland-Hansen.
Boka er på 568 sider, med 1750 fotografi og illustrasjonar. Den er gjeve ut av Bergen Museum, Nord 4 Bokverkstad og Hordaland fylkeskommune. Bruttobudsjettet er på 5,5 millionar kroner. Første opplag er trykt i 8000 eksemplar.

Les kva Bergens Tidende skriv om boka

Les kva På Høyden, nettavis for Universitetet i Bergen skriv

Bjarte Brask Eriksen

28.10.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart