Nye gassferjer – milepæl for ferjedrifta på E39 Kyststamvegen!!

Dei nye tildelte konsesjonane for ferjesambanda E39 Halhjem-Sandvikvåg over Bjørnefjorden og E39 Mortavika-Årsvågen over Boknafjorden, er ein historisk milepæl for ferjedrifta på E39 Kyststamvegen, seier leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar i Hordalan

Dagens ferjer mellom Halhjem og Sandvikvåg (biletet) skal i løpet av eit par år få avløysing av nye og raskare gassferjer.

Seier for regionalt engasjement!
Dette er ein siger for det engasjement regionale styresmakter, gassindustrien og ferjeselskapa til saman har vist ovanfor sentrale styresmakter for å få fornya ferjeflåten og korta reisetida. Med dei nye gassferjene er vi komen eit langt steg vidare i realiseringa av visjonen om E39 Kyststamvegen som Naturgassvegen, seier leiaren i Vestlandsrådet.

Dette er ein dag vi har sett fram til sidan det endelege gjennomslaget for gassferjene kom i statsbudsjettet for 2004, seier Selsvold Nyborg. Konsesjon for sambanda vart lagt ut på anbod i sommar og konsesjonen er no tildelt Fjord 1. Dette ferjeselskapet er ein kjent operatørar på Vestlandet, og som med dette skal stå til rors i utviklinga av framtidas moderne ferjedrift på to av dei viktigaste ferjesambanda våre, seier fylkesordførar Selsvold Nyborg.

Gassferjene kan skapa grobotn for teknologiutvikling og sysselsetting på Vestlandet
Det er no viktig å sikra at gassferjene vert bygde i Noreg med norsk maskineri. Dette vil skapa grobotn for teknologiutvikling og sikra sysselsetjinga i den norske verfts- og verkstadindustrien. Gassferjene kan verta eit utstillingsvindauga for avansert norsk teknologi, seier Vestlandsrådleiar Selsvold Nyborg.
Gassferjene som skal byggjast vil verta ei stor og svært velkommen utfordring for verfts- og verkstadindustrien på Vestlandet, påpeikar Selsvold Nyborg.

Knyter Bergen og Stavanger tettare saman
Med dei nye gassferjene vil reisetida mellom Halhjem og Sandvikvåg verta redusert med 15 minuttar Dette er ei gledeleg utvikling i ein region av landet som det er forventa skal oppnå same vekst som i austlandsområdet i åra framover. Effektive kommunikasjonar er heilt avgjerande for å få til ei slik positiv næringsutvikling og sysselsettingsauke, understrekar leiaren i Vestlandsrådet og seier vidare at utviklinga av E39 Kyststamvegen står øvst på den transportpolitiske dagsorden i Vestlandsrådet.

Mindre utslepp
Som eit miljøtiltak har gassdrift i ferjeflåten mange positive sider, påpeikar Selsvold Nyborg. Viktigast er kanskje den svært effektive reduksjonen av NOx-utslipp som overgangen til gass fører med seg. M/F Glutra som vart sett i trafikk i 1998 som den første gassferja i Norge har oppnådd 90% reduksjon av NOx-utslipp i høve til konvensjonell dieselmotor.
Når naturgass vert teken i bruk ferjeflåten langs kysten, styrkjer dette også grunnlag for å etablera eit distribusjonssystem for auka bruk av naturgass også i andre sektorar, seier ein optimistisk leiar i Vestlandsrådet.

Stanley Hauge

26.10.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart