Minneord
Ole Dramdal, Stord, døydde 17. oktober 2004, vel 76 år gamal.
Ole Dramdal, som representerte Høgre, var fylkesordførar i Hordaland i fire periodar, 1976-1991. Han var den første fylkesordføraren i Hordaland etter omskipinga av fylkeskommunane frå 1976. I Hordaland var det ikkje berre «den nye fylkeskommunen» som skulle innarbeidast og setjast i verk. Også den nye fylkeseininga som oppstod då Bergen og Hordaland i 1972 vart slegne saman til eitt fylke, var enno i oppbyggingsfasen. Dramdal vart ein heilt sentral og svært viktig person i utviklinga av det som målt i budsjett, var den største fylkeskommunen i landet.
Då «Bergens Tidende» på leiarplass 24. oktober 1991 oppsummerte dei 16 åra i «Dramdal-bolken», heiter det m.a.: «Det beste ein kan seia om Hordaland fylkeskommune, er at ingen i dag yppar til alvorleg strid mellom byen Bergen og resten av fylket. Og det er sanneleg ikkje så lite, når ein tenkjer på skepsisen den gong by og landfylke gjekk saman. Framleis er det bortimot utenkeleg at noko tilsvarande kan koma for Oslo og Akershus, endå by og land er meir samanvevde der enn Bergen og resten av Hordaland var.
Det er lov å gje den avtroppande fylkesordførar Ole Dramdal ein god del av æra for at dette samarbeidet har utvikla seg så godt. Han har greidd å byggja dei bruene som skulle til, i saker med interessekonfliktar, og utan tvil også i kulturelle skilnader.»
Utbygginga av det moderne helsestellet var ei sentral oppgåve for den nye fylkeskommunen. Eit særleg stort og tungt lyft for Hordaland var Haukelandsutbygginga og omstruktureringa av sjukehusa i Bergen. I dei store endringane som skjedde innan helsetenesta frå 1976 og utover 1980-talet, var lækjar Ole Dramdal ein sentral person – både som framståande fylkespolitikar og som fagperson.
Det politiske engasjementet til Dramdal strekte seg over heile spekteret av fylkeskommunale oppgåver, og til og med vidare utover. Samferdsel, næring, energi og kultur er stikkord i den samanheng.
Han var ein ivrig talsmann for visjonen om ein veg som skal binda heile Vestlandet saman, Kyststamvegen. I perioden 1988-91 var han leiar i Kyststamvegutvalet. På same tid, i 1989-91, leia han Trollutvalet som då hadde som målsetjing å få i gang industriverksemd knytt til ilandføring av gass til Øygarden. Då Sture-terminalen i Øygarden skulle byggjast, gjorde Dramdal sitt for å få utbyggjaren – Norsk Hydro – til å godta konsesjonsvilkår som sikra finansieringa av Rongesundbrua. Hans påverknad som førde fram, var nok langt meir tungtvegande enn det som er offentleg kjent.
Dramdal vart med tida truleg like godt kjent mellom folk på Orknøyane som i heimfylket sitt. Han stod i fremste rekkje då Hordaland i 1983 oppretta venskapsavtalen med Orknøyane og han vart snart ein svært omtykt representant for Hordaland og Noreg i det vesle øysamfunnet i Vesterhavet. På slutten av fylkesordførartida si var han ein sentral pådrivar i samarbeidet som utvikla seg med Cardiff og South Wales. Dramdal var leiar i komiteen for attreising av den norske sjømannskyrkja i Cardiff, og fekk samla inn ein million kroner i Noreg til oppattbygginga. Då det i 2002 vart markert at det var gått ti år sidan kyrkja stod ferdig attreist, vart det frå kyrkjestiftinga slått fast at utan «Hordalandshjelpa» ville det ikkje vore noko Norwegian Church Art Centre i Cardiff i dag.
I fylkestinget var Dramdal ein suveren og høgt vyrd møteleiar. Han leidde tinget med fast hand, hadde ofte ein lun replikk, og kunne når situasjonen krov det løysa opp ei spent stemning med velvalde ord, og det hende knapt ein gong at han let seg bringa ut av fatning.
Det må også nemnast at Dramdal i ei årrekje var lokalpolitikar i Stord kommune. Medlem av kommunestyret i 16 år, formannskapet i 8 år og varaordførar i 4 år. Før hans politiske bane starta i 1964 var han også med i eit utval for å fremja etablering av sjukehuset på Stord. Han var også medlem i fylkeseldrerådet i to periodar.
Det seier mykje om Ole Dramdal at heile tida medan han var fylkesordførar i 3/5 stilling, heldt han oppe lækjarpraksisen sin på Stord – også i 3/5 stilling. — Eg jobbar om laurdagane også, var svaret hans når nokon spurde korleis han kunne makta dette.
For den store samfunnsnyttige innsatsen sin vart Ole Dramdal på 75 årsdagen i fjor tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.
Ole Dramdal hadde stor arbeidskapasitet, eit sterkt samfunnsengasjement over eit vidt felt, evne til konstruktivt samarbeid og til å verka samlande. Han var dugande og kløktig både i lækjaryrket og i politikken. Med hans bortgang har me mista ein markant og særs velvyrd politikar.
Vår djupaste medkjensle går til kona Dutti og dei tre borna og familiane deira som sit att med sorg og sakn. Fred over Ole Dramdal sitt minne.
Fung. fylkesordførar Tom-Christer Nilsen

Stanley Hauge