
Dersom forsvaret hadde gjennomført planane om skyte- og øvingsfelt på Mjølfjell, ville det hatt store negative ringverknader for fleire kommunar med stor turistnæring og viktige rekreasjonsområde for Hordalandsinnbyggjarane, sa leiar i kultur- og ressursutvalet Georg Indrevik då han overrekte prisen under fylkestinget sitt møte i Bergen 13. oktober.
Indrevik sa vidare: «I tillegg til Voss ville fly- og bombeaktiviteten få verknader både for Granvin, Ulvik, Eidfjord og Aurland. Ikkje minst ville det vera til hinder for Vestlandsfjordane – representert med Nærøyfjorden og Geirangerfjorden – sitt kandidatur til UNESCO si liste over verneverdig verdsarv.»
Herleiv Halland, som bur i Bergen og har hytte på Voss, har vore ein av frontfigurane i mobiliseringa mot bombefeltet, og var av dei første som sette saka på dagsordenen.
Halland er eit førebilete på korleis privatpersonar kan la seg engasjere når ein ser at noko negativt er i ferd med å skje med verdiar ein sjølv set pris på. Med stor iver og mykje kunnskap har han møtt forsvaret, politikarar og presse. Med engasjement sitt la han grunnen for ein brei oppslutnad lokalt og regionalt for å verna dette unike opplevingsområdet for framtida, sa utvalsleiar Indrevik ved tiltdeling, og heldt fram: – Sjølv vil han nok seia at mange har del i denne æra, mellom anna dei han har hatt med seg i interessegruppa mot flybombing på Mjølfjell. Mange av desse er nettopp dei som har kome med forslaget om at prisen for 2003 skulle tildelast Herleiv Halland, og vi fylkespolitikarar har vore heilt samde i at dette er den rette prisvinnaren for 2003.
«Sjølv om forsvaret har lagt vekk planane om bombefelt på Mjølfjell, og han no får denne utmerkinga, kviler nok ikkje Herleiv Halland på laurbæra. Han er stadig i dialog med forsvaret for å sikre at deira aktivitetar i området tek omsyn til miljøet og tilhøva for fastbuande, hyttefolk, og andre tilreisande,» sa Indrevik.
I år vart Hordaland fylkeskommune sin miljøpris delt ut for 13 gong. Det kom i år inn forslag på kandidatar til prisen. Forslaga hadde stort spenn både geografisk og tematisk.
Stanley Hauge