Fylkesutvalet vil ha golfline i Sveio nærare utgreidd

Hordaland fylkesutval stiller seg positiv til søknaden frå Sveio kommune om vidaregåande skule med golfline. Fylkesutvalet går inn for at det vert gjort nærare utgreiingar om eit slikt tilbod i Sveio. I vedtaket heiter det også at det i det vidare arbeide


Fylkesutvalet legg til grunn at det skal gjerast nærare utgreiingar om eit tilbod med golfline innan vidaregåande opplæring i samarbeid med Sveio kommune, Haugaland Golfbane Sveio og ein vidaregåande skule i Sunnhordland. Ein treng mellom anna ei nærare kartlegging av sporten sin medverknad i prosjektet og om det er grunnlag for eit samarbeid på dette området slik ein til dømes har i samband med handball/fotball andre stadar i fylket.

I følgje søknaden frå Sveio kommune vil elevane til golfklassen verta rekruttert frå nærmiljøet i kommunen, og medverkar såleis til at elevane frå Sveio får eit tilbod på ein vidaregåande skole i Hordaland.

Stanley Hauge

28.10.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart