Andre saker er fylkesdelplan for Haugalandet, årsmelding for Statens vegvesen Region vest, kjøp av opplæringsfartøy til Fiskarfagskulen i Austevoll, utviding av undervisningstilbodet ved Åsane gymnas, diverse valsaker og prosjekt handlefridom. Det sistnemnde er eit program for å gjennomføra effektiviserings- og innsparingstiltak i fylkeskommunen for 80 mill. kr i åra 2004-07.
Spørsmål
Til dette fylkestinget er det kome inn tre spørsmål til fylkesordføraren. Sigmund Olsnes (Ap) har spørsmål om situasjonen for Lyngheisenteret på Lygra i Lindås. Bjørn Lothe (SV) spør om tannlækjarsituasjonen i distrikta og Helge Andre Njåstad (Frp) spør om gassferjer Halhjem – Sandvikvåg. Spørsmåla kjem opp til handsaming onsdag 13. okt. kl. 09.00.
Olsnes har merka seg at det ikkje er løyvd midlar til Lyngheisenteret i statsbudsjettet for 2005. Etter hans syn vil evt. statstilskot først i 2006 kunne medføra ein alvorleg risiko for at Lyngheisenteret må leggja ned verksemda. Han vil vita kva fylkesordføraren vil gjera for å sikra statstilskot i 2005.
Lothe viser til at det framleis manglar tannlækjarar i mange stillingar i fylket. Verst er det kanskje i Indre Hardanger, men også i Sunnhordland er det problem, meiner han. Han vil vita kva fylkesordføraren vil gjera for å betre situasjonen på kort og lengre sikt.
Njåstad skriv at han er gjort kjend med at konsesjon på sambandet Halhjem – Sandvikvåg kan verta tildelt eit selskap som vil bruka gassferjer som vil gå med dagens overfartstid på 50 minutt. Ei slik overfartstid er ikkje akseptabel, meiner han. Dersom dette skuldast at det i andbodsgrunnlaget ikkje er teke med krav om overfartstid bør det vurderast å gå nye rundar, meiner Njåstad. Etter hans syn er det ein absolutt føresetnad for gassferjeprosjektet at det vert nedkorting av overfartstida.
Njåstad spør kva initiativ fylkesordføraren vil gjera for å sikra at sambandet Halhjem – Sandvikvåg vert sikra framtidas ferjemateriell med nedkorta overfartstid.
Kjøreplan for fylkestinget
TYSDAG 12. OKTOBER
14.00 – 15.45 Opning - Talar - Saksførehaving
15.45 - 16.00 Kaffipause
16.00 - 17.00 Saksførehaving
17.00 Møte i fylkesutvalet
Møte i valnemnda
ONSDAG 13. OKTOBER
08.45 – 09.00 Møte i Kultur- og ressursutvalet
09.00 - 10.30 Svar på interpellasjonar/innkomne spørsmål- Saksførehaving
10.30 - 11.00 Kaffipause/utsjekking frå rom
11.00 – 12.45 Saksførehaving
12.45 – 13.00 Utdeling av miljøprisen for 2003
13.00 - 14.00 Lunsj
14.00 - 15.30 Saksførehaving
15.30 - 15.45 Kaffipause
15.45 - Saksførehaving til tinget kan avsluttast
Saksdokumenta til møtet er tilgjengelege på internett på http://polsak.ivest.no/
Fylkestingssakene 63-70 skal opp anten i fylkesutvalet eller i valnemnda den 12. okt. frå kl. 17.00, slik at desse sakene vert behandla i fylkestinget 13. okt.
Stanley Hauge