Inntektssvikten og høgare pensjonskostnader kjem samstundes med at fylkeskommunen er inne i ein periode (2004-08) med stor vekst i elevkulla til vidaregåande utdanning.
Økonomirapporten pr. 31. august 2004 viste at fylkeskommunen har driftsutgiftene under kontroll, men at skatteinntekter og momsrefusjon vert lågare enn budsjettert.
Fylkeskommunen hadde underskot på til saman 86,8 mill. kr i 2002-03. I det reviderte budsjettet for 2004 er det sett av 33 mill. kr til underskotsdekning i år. Fylkesrådmannen fryktar at m.a. skattesvikt i 2004 gjer at ein ikkje maktar å dekka inn så stor sum. I budsjettgrunnlaget for 2005 er det lagt til grunn inndekking på 14 mill. kr av 2002-underskotet i 2004. Resten – 28 mill. kr – må dekkast inn i 2005. I tillegg er det i 2005 ført opp 10 mill. kr til inndekking av 2003-underskotet slik at ein samla har 38 mill. kr i inndekking av underskot i 2005. Det står då att 34,8 mill. kr i underskot som er ført opp til inndekking i 2006.
Ein avgjerande føresetnad for opplegget for 2005 er at skattesvikten m.m. i år ikkje vert vesentleg større enn dei 20 mill. kr som er rekna med. Vert den det, vil ein ikkje makta å dekka inn underskot i 2004 i det heile og driftsramma for 2005 og seinare år vert pressa ytterlegare, skriv fylkesrådmannen i budsjettgrunnlaget.
Taper på momskompensasjon
I økonomirapporten for 2004 reknar fylkesrådmannen med ein svikt i momsrefusjonen på 5-10 mill. kr i høve til budsjettert inntekt på 83 mill. kr. Frykta er at svikten vert endå større.
Ved innføring av momskompensasjonsordninga trekte staten ut 105 mill. kr i rammeoverføringa til Hordaland fylkeskommune for 2004. Dette uttrekket vil auka i åra framover. I år ser det ut til at Hordaland vil få ca. 30 mill. kr mindre i momskompensasjon enn Kommunal- og regionaldepartementet har føresett. Med same situasjon neste år, kan fylkeskommunen på to år få eit inntektstap på 60 mill. kr som følgje av omlegginga.
Fylkesrådmannen vonar at noko av dette «gapet» kan verta retta opp i 2005, men Stortinget har ikkje bede om justeringar før i statsbudsjettet for 2006, heiter det i budsjettpremissane. Fylkesrådmannen finn grunn til å minna om at ordninga var lagt opp som eit nullsumspel i utgangspunktet.
I budsjettgrunnlaget frå fylkesrådmannen er det ei uspesifisert innsparing på ca. 19 mill. kr.
Denne summen må dekkast inn i det reviderte budsjettgrunnlaget som skal leggjast fram seinare i haust. Då vil også staten sitt skatteoverslag for 2005 vera kjent, og fylkesrådmannen håpar også å ha ny informasjon om momskompensasjon og pensjonskostnader.
2005-budsjett
I budsjettgrunnlaget for 2005 og økonomiplanen 2005-08, legg fylkesrådmannen m.a. opp til:
– 26 mill. kr til vidareføring av dei nye klassane som vart oppretta hausten 2004, pluss 10 mill. kr til nye klassar frå hausten 2005.
– 5 mill. kr meir til lærlingtilskot til verksemdene
– Lønsbudsjetta til vidaregåande skular vert kutta med 18,5 mill. kr (ca. 1,5 %) i høve til budsjettering med alle tillegg
– 12,5 mill. kr i innsparing ved felles undervisning i visse fag for yrkesfagklassar
– Takstfrys for reiser med buss og båt
– Ungdomskortet vert utvida til reiser med ferjer, snøggbåtar og kystbussen
– Samordning av skulereisekort og ungdomskort, innsparing 5,5 mill. kr
– 1087 mill. kr til investeringar i perioden 2005-08
– Ny vidaregåande skule i Olsvik klar i 2006. Tilbygg Åsane gymnas ferdig i 2008. Ny vidaregåande skule på Sørås ferdig i 2008.
– 181 mill. kr til Jondalstunnelen i 2008
– Driftsmidlar på 1,3 mill. kr til Tusenårsstaden i Hardanger frå 2005
– Kutt på 1 mill. kr i løyvinga til Manger folkehøgskule
– Eittøringen frå Eidfjordutbygginga gjev 15,8 mill. kr i friske inntekter
Kultur
Kultur- og idrettsbudsjettet i 2005 vert på 129 mill. kr i følgje fylkesrådmannen sitt budsjettgrunnlag. Korrigert for omleggingar er løyvingane samla om lag som på årets nivå.
Samanlikna med 2004-budsjettet er det vesentlege endringar i budsjetteringa for 2005. Omlegginga ved at tilskot til museum frå staten og kommunane no går direkte til musea, fører til at budsjettet er redusert med 13,6 mill. kr både på inntekts- og utgiftssida. Motsett verkar det at statsmidlane til den kulturelle skulesekken er tekne inn i budsjettet for 2005.
Løyvinga til drift av Tusenårsstaden i Hardanger som skal opna neste haust, er ført opp med 1,3 mill. kr, ein auke på 1 mill. kr frå i år. Arbeidet med oppfølgjing av museumsreforma vert vidareført med 450 000 kr. Statstilskotet til den kulturelle skulesekken er ført opp med 7,5 mill. kr, som er 1,5 mill. kr meir enn i år. Fylkeskommunen aukar si eiga løyving til driftsoppgåvene med skulesekken med 163 000 kr til 706 000 kr.
Det er lagt inn ei løyving på 150 000 kr til kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmakter. Tilskotet til Moster kyrkjehistoriske senter aukar med 45 000 kr til 350 000 kr. Dei fleste tilskotspostane på kulturbudsjettet er førde vidare på årets nivå. Nokre har fått litt styrking.
Utdanning
Budsjettet for vidaregåande opplæring vert på 1 740 mill. kr i 2005. Sett i forhold til at elevkullet som skal ha skuleplass neste år aukar med 720, vert budsjettramma trongare for 2005 enn i år. Ressursane til dei nye klassane må i hovudsak dekkast ved omprioriteringar innan budsjettet til vidaregåande opplæring.
Opprettinga av nye klassar i haust fører til auka utgifter på 26 mill. kr i 2005. I tillegg budsjetterer fylkesrådmannen med 10 mill. kr til nye klassar frå hausten 2005. Kostnadene til reinhald og vaktmeistrar aukar med 2,7 mill. kr. Anna utgiftsauke er 1,2 mill. kr meir til tillitsvaldressurs ved skulane, 0,4 mill. kr meir til systemansvarlege og 0,25 mill. kr meir til Hjeltnes gartnarskule. Løyvinga til lærlingtilskot vert auka med ca. 5 mill. kr. Samla utgjer dette ca. 45 mill. kr.
Av omsyn til den samla budsjettramma er det naudsynt å redusera lønsbudsjetta på skulane med 18,5 mill. kr, om lag 1,5 %, i høve til budsjettering med alle tillegg. Vidare vert det lagt til grunn ei innsparing på 12,5 mill. kr ved at skular som har fleire parallellar innan VkI og VkII i yrkesfag slår saman klassar i visse fag. I alt gjev desse to tiltaka innsparing på 31 mill. kr.
1,1 mill. kr vert spart ved at forkursa ved Bergen tekniske fagskule vert lagde ned. Bakgrunn for nedlegginga er at den tekniske fagskulen no vert finansiert av staten. 2 mill. kr skal sparast ved effektivisering av fagprøvar, 1 mill. kr vert spart ved at administrasjonsressursen for innleiande grunnkurs fell bort og 1 mill. kr ved kutt i løyvinga til Manger folkehøgskule.
I perioden 2003-2012 er det venta ein vekst i talet på 16-18 åringar i fylket på om lag 3 000. Den største veksten kjem i Bergensområdet med 2300.
I 2005 aukar årgangstala med 720, av desse kjem 586 i Bergensområdet.
Hovudutfordringa for fylkeskommunen er å leggja til rette klassetilbodet slik at alle med formell opplæringsrett får skuleplass. Det er naudsynt med nybygg og tilbygg for å få plass til dei nye elevane. Ny skule i Olsvik med 420 plassar skal stå klar hausten 2006 og ny skule på Sørås med 800 plassar i 2008. Tilbygg ved Åsane gymnas for 220 elevar kjem i 2007.
Tilbakebetaling av overskot ved skulane
Dei skulane som hadde overskot i 2002 fekk ikkje dette sett av til disposisjonsfond, sidan fylkeskommunen samla gjekk med underskot. Om lag halvparten av dette overskotet, 4 mill. kr av totalt 7,8 mill. kr, vart betalt tilbake i 2004, resten 3,8 mill. kr er sett av til tilbakebetaling i 2005. Fylkesrådmannen vil halda fram ordninga med at skulane får tilbake strokne overskot frå tidlegare år gjennom budsjettstyrking.
Tannhelse
Driftsbudsjettet for den offentlege tannhelsetenesta (DOT) i Hordaland i 2005 er ført opp med 178,7 mill. kr i fylkesrådmannen sitt budsjettutkast, det vil seia på same nivå som årets budsjett.
Tannhelsa til born og ungdom er framleis dårlegare i Hordaland enn gjennomsnittet for landet.
I 2005 vil tannklinikkane Bønes og Ortun i Bergen verta lagde ned og erstatta av ein ny klinikk i Fyllingsdalen. Tannklinikken Os vil verta bygd om og utvida med eitt behandlingsrom, og tannklinikken i Odda vil verta rusta opp.
Budsjettforslaget gjev ikkje rom for nye tiltak som medfører auka utgifter. Det er ikkje mogleg å redusera utgiftene utan at det går ut over tilbodet til brukarane, heiter det i budsjettutkastet.
I 2005 vert det lagt opp til å styrkja tilbodet til eldre og langtidssjuke som blir pleia av familie eller pårørande, med eit oppsøkjande tilbod.
Takstane for uprioriterte klientar (vaksne frå 20 år) som betaler sjølv vert auka med 4 % frå 1.1.2005.
Alle forbruksvarer til tannhelsetenesta vert importert, og leverandørane har varsla 10 % prisauke på grunn av svekka norsk krone.
Opplæringstilbodet til dei tilsette i tannhelsetenesta har måtta reduserast grunna budsjettkutt dei siste åra, og budsjettforslaget for 2005 gjev ikkje rom for meir til opplæringstiltak.
Lønsbudsjettet til tannhelsetenesta er basert på at ein del stillingar må haldast vakante. Det vert derfor ikkje sett inn vikar i alle ledige stillingar, og talet på stillingar bør reduserast i 2005 for å få budsjettet i samsvar med aktuell bemanning.
Av rekrutteringsomsyn er det ynskjeleg å auka tannelegelønene i Hordaland. Dersom løna til offentlege tannlegar i Hordaland skal opp på same nivå som i Rogaland og Sogn og Fjordane, vil lønsbudsjettet til tannlegar måtta aukast med rundt 2 mill. kr per år.
Samferdsel
Takstfrys og dermed ingen auke i takstane for reiser med buss og båt frå årsskiftet, er fylkesrådmannen sitt forslag for 2005. Tilskotet til kollektivtrafikken aukar litt. Løyvingane til fylkesvegvedlikehald vert like knappe som dei siste åra.
Ungdomskortet vert utvida til også å gjelda på snøggbåtar, ferjer og Kystbussen.
Samferdselsbudsjettet for 2005 er på 547 mill. kr, 1,5 % auke frå i år. 83,5 mill. kr går til vedlikehald av fylkesvegane. 315 mill. kr er tilskot til kollektivtrafikken, 113,4 mill. kr går til skuleskyss og 33,6 mill. kr gjeld transportordninga for funksjonshemma.
Løyvingane til ulike føremål er i hovudsak førde vidare på årets nivå.
Kostnaden med skyss til vidaregåande skule er venta å auka med ca. 6 mill. kr som følgje av vekst i talet på elevar under skyssordninga og innføring av fritt skuleval i Bergen. Denne auken føreslår fylkesrådmannen å dekka ved innføring av samordning av skulereisekort og ungdomskort.
Regionvegsjefen meiner det er trong for 35 mill. kr meir til vedlikehald for å oppretthalda vegstandarden. Fylkesrådmannen er samd i at dette er ein uheldig situasjon, men finn ikkje rom for auke neste år.
Fleire bruer krev no omfattande vedlikehald. Tofterøy bru er ferdig, og opprusting av Strøno bru og Herdlasund bru har starta. Gamle Nygårdsbru i Bergen treng omfattande opprusting.
Regional utvikling
Fylkesrådmannen budsjetterer med at Hordaland fylkeskommune i 2005 vil ha ca. 144 mill. kr til regional utvikling. Om summen vert så stor, er avhengig av at dei statlege overføringane til regional utvikling og nyskaping og til næringsretta utviklingstiltak vert på same nivå som i 2004 – i alt 107 mill. kr. For 2005 vert det budsjettert med 53 mill. kr frå staten til regionalt utviklingsprogram og 54 mill. kr næringsretta utviklingstiltak som kompensasjon for bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgift. Desse summane vert ikkje endeleg klare før statsbudsjettet for 2005 er vedteke.
I budsjettutkastet er det ført opp 64 mill. kr til næringsføremål, 53 mill. kr til regionalt uviklingsprogram, 1,76 mill. kr til fylkesplanprogrammet, 662 000 kr til miljø- og naturføremål og 615 000 kr til Europakontoret. Det er også budsjettert med 23,5 mill. kr av konsesjonskraftmidlane, fordelt med 15 mill. kr som utlån til Hardangerbrua A/S og 8,5 mill. kr til vedtekne viktige regionale utviklingsprosjekt. Samla er budsjettet for regional utvikling på årets nivå.
Politikk og administrasjon
Budsjettet til politiske organ og administrasjon er sett opp med brutto driftsutgifter på 167 mill. kr i 2005. Løyvinga til dei politiske organa går opp med ca. 1,9 mill. kr til 26,38 mill. kr. Auken kjem vesentleg som følgje av 1,5 mill. kr i løyving til stortingsvalet neste år.
Budsjettet for fylkesadministrasjonen er på 123,6 mill. kr, om lag det same som for 2004.
Budsjettet for fellesfunksjonar som personaltiltak, forsikringsordningar og IT-utgifter for alle tilsette i fylkeskommunen er i stor grad vidareført frå nivået i 2004. Eit unnatak er forsikringspremiane som er reduserte med nær 5% som ein følgje av at barnevernet er vorte statleg frå 2004. Fleire av forsikringane skal ut på anbod med det første, så overslaga i budsjettet er usikre.
Det vert oppretta to stillingar til sekretariat for kontrollutvalet. Dette skjer som følgje av at fylkesrevisjonen ikkje lenger skal vera sekretariat for kontrollutvalet.
Lønsavsetjingar
Til lønsavsetjingane er det ført opp 126,4 mill. kr i 2005. Dette er midlar som i budsjettåret vert fordelte til institusjonar og skular og skal dekka lønsmeirutgiftene ein reknar med.
Det vert lagt til grunn ein lønsvekst på 3,25 % frå 2004 til 2005.
I summen på 126,4 mill. kr er inkludert midlar til pensjonskostnader som ikkje er budsjettert på skular og i tannhelsetenesta. Det er rekna med at summen saman med løn og pensjonspremiar ført opp på budsjetta for skular, tannhelsetenesta m.v. vil vera tilstrekkeleg til å dekkja lønsutgiftene og dei pensjonskostnadene som skal belasta rekneskapen.
Gjeld, renter og avdrag
Brutto renteutgifter er budsjettert til 62,6 mill. kr i 2005, om lag 13,7 mill. kr mindre enn for 2003. Fylkesrådmannen legg til grunn ein rentesats på 3,0 % for lån med flytande rente og for nye lån.
Utrekningar syner at fylkeskommunen ved inngangen til 2005 vil ha ei brutto lånegjeld på om lag 1 663 mill. kr.
Renteinntekter på bankinnskot er sett til 5 mill. kr i 2005. Det er inntektsført 4,4 mill. kr i renterefusjon frå staten. Det sistnemnde gjeld renterefusjon for lån til Sund vidaregåande skule og tilbygg ved Stord vidaregåande skule.
Avdrag på lån er ført opp med 66,0 mill. kr i 2005, mot 61,9 mill. kr i 2004.
Investeringsopplegget i budsjettgrunnlaget for åra 2005-08 gjer at netto lånegjeld aukar frå 1 663 mill. kr ved utgangen av 2004 til 2 330 mill. kr ved utgangen av 2008. Dette opplegget medfører ein gjennomsnittleg årleg auke i lånegjelda på 167 mill. kr eller 8,8 % pr. år i perioden. Det er vesentleg meir enn venta prisauke og medfører at gjeldsbelastninga aukar i perioden.
Underskotsdekking
Fylkeskommunen hadde rekneskapsunderskotet i 2002 på 42,1 mill. kr og i 2003 på 44,7 mill. kr – til saman 86,8 mill. kr. I det reviderte budsjettet for 2004 er det sett av 33 mill. kr til underskotsdekning i 2004. Fylkesrådmannen fryktar at m.a. skattesvikten i 2004 gjer at ein ikkje maktar å dekka inn så stor sum.
I utrekningane for budsjettgrunnlaget for 2005 er det lagt til grunn at ein maktar å dekka inn 14 mill. kr av 2002-underskotet i 2004. Då må resten – 28 mill. kr – dekkast inn i 2005. I tillegg er det i 2005 ført opp 10 mill. kr av 2003-underskotet til inndekking slik at ein samla har 38 mill. kr i inndekking av underskot i 2005. Det står då att 34,8 mill. kr i underskot som er ført opp til inndekking i 2006.
Eidfjordavtalen – friske pengar
Fylkeskommunen overlet på 80-talet sin eigardel på 35% i Eidfjord-nord til BKK og SKL. Som kompensasjon skal ein frå og med 2005 få utbetalt 1 øre pr. kWh i 1985-prisnivå, rekna etter fastkraftproduksjonen.
Etter drøftingar med kraftselskapa om utrekningsgrunnlaget budsjetterer fylkesrådmannen med 15,8 mill. kr i årleg inntekt.
Årsbudsjett 2005
Budsjettgrunnlaget for 2005 har ei samla driftsramme på 3 239 mill. kr. Skatteinntekter og rammetilskot er på 2 651 mill. kr og inntekter på dei ulike tenesteområda utgjer 588 mill. kr. Utdanningssektoren sitt budsjett er på 1 739 mill. kr, dvs. 57% av driftsutgiftene. Samferdselssektoren utgjer 18% og kulturbudsjettet over 4% av fylkeskommunen sine driftsutgifter.
Utfordringar i økonomiplanperioden
I økonomiplanen 2005-08 er det sett av netto driftsresultat i 2005 og 2006 tilstrekkeleg til å dekka inn 2002- og 2003-underskota. Det er også rekna med eit positivt netto driftsresultat i 2007 og 2008. I netto driftsresultat desse åra inngår overføringar til investeringsbudsjettet, styrking av likviditetsreserven og avsetjingar til fond. Føresetnadene som er nytta medfører eit gjennomsnittleg netto driftsresultat for åra 2005-2008 på i overkant av 1% av driftsinntektene.
Hovudutfordringane i økonomiplanperioden kan oppsummerast slik:
– Stor årleg vekst i talet på 16-18-åringar fram til og med 2007.
– Aukande lånegjeld som følgje av skuleutbyggingar.
– Inndekking av underskot
– Utviklinga i pensjonskostnadene
– Svak inntektsvekst som følgje av uttrekket i samband med sjukehusoppgjeret og endringar i inntektssystemet fram til og med 2006.
Investeringar 2005
Hordaland fylkeskommune skal investera 175,3 mill. kr i 2005 føreslår fylkesrådmannen i budsjettgrunnlaget, 43 mill. kr meir enn i år. Investeringane i skulesektoren aukar med heile 54 mill. kr til 118 mill. kr, medan løyvinga til fylkesvegar vert redusert med 15 mill. kr til 25 mill. kr.
Olsvikåsen videregående skole i Bergen er det store utbyggingsprosjektet til fylkeskommunen for tida. Av ein samla byggjekostnad på 144 mill. kr vert 60 mill. kr løyvd i 2005, medan 26 mill. kr er løyvd tidlegare. Skulen skal stå ferdig til skulestart hausten 2006. Til tilbygg ved Åsane gymnas vert det startløyving på 4 mill. kr.
Det vert budsjettert med 25 mill. kr til fylkesvegar i 2005, 15 mill. kr mindre enn i år. 9 mill. kr går til prosjekt i Bergen kommune. 7 mill. kr går arbeid på dei to hengebruene Strøno bru og Herdlasund bru, 2 mill. kr til Foldnes-Våge i Fjell kommune, 2 mill. kr til Baronivegen i Rosendal og 4 mill. kr til Omvikdalen-Matre i Kvinnherad. 1 mill. kr gjeld refusjon av forskotterterte midlar til Askøy kommune.
Til kulturføremål er det ført opp 11,8 mill. kr, m.a. 9,3 mill. kr til tusenårsstaden i Hardanger som skal stå ferdig hausten 2005.
Til tannhelsetenesta er det budsjettert med 8,5 mill. kr fordelt med 4 mill. kr til tannklinikkar, 1,5 mill. kr til IT-utstyr og 3 mill. kr til anna utstyr ved klinikkane.
12 mill. kr er budsjettert til fellesfunksjonar, av det 10 mill. kr til IT-system og utstyr.
Det er budsjettert med sal av fylkeskommunale eigedomar for 5 mill. kr.
Budsjettet for 2005
Stanley Hauge