Fritt skuleval i vidaregåande frå neste haust

Hordaland fylkesting har vedteke å innføre fritt skuleval i dei vidaregåande skulane i Hordaland frå skuleåret 2005/06. Vedtaket vart gjort med 30 (H, Frp, KrF, Pensj.) mot 27 (Ap, SV, RV, V, Sp) røyster.


I saka er det vedteke at fylkeskommunen skal setja ei øvre grense for kor lang reisetid den enkelte grunnkurselev normalt kan påleggjast. Fylkesutvalet har fått fullmakt til å fastsetja nærare retningsliner for ordninga.

I vedtaket er det også slått fast av elevar med opptak på særskilt vilkår har rett til å få tilrettelagt undervisning på nærast tilgjengelege skule eller line.

Ordninga med fritt skuleval skal evaluerast etter inntaket hausten 2005.

Arbeiderpartiet/Sosialistisk Venstreparti fremja forslag om å halde fram med noverande inntakssystem til dei vidaregåande skulene. I forslaget heiter det: «Dagens ordning for inntak av elevar i den vidaregåande skulen i Hordaland ivaretek på ein god og balansert måte viktige omsyn mellom anna til elevane sine ønskje, karakterar, reiseavstand; målet om eit likeverdig og godt skuletilbod for alle og den viktige rolla skulen har i lokalsamfunnet og regionane. Fylkestinget held difor fast på dagens inntakssystem.»
Dette forslaget fekk 25 (Ap, SV, RV, Sp) røyster og fall.

Harald Hove (V) fremja slikt forslag:
”I. Det blir innført fritt skolevalg i Hordaland basert på den enkelte ungdoms eget valg av skole.
II. Dersom det må prioriteres mellom søkerne skal det legges vekt på følgende:
1. Først skal de søkere tas inn som har søkt den nærmeste skole med søkerens opplæringsønske.
2. Dernest skal det foretas et karakterbasert opptak.”

Hove sitt forslag fekk Venstre sine 2røyster og fall.

Torstein Dahle (RV) føreslo slikt vedtak:
«Fylkestinget går imot å innføre en ordning som innebærer tvungen skoleveiforlengelse for elever med svake karakterer. Også opphopin av svake elever på enkelte skoler, svekket fagtilbud i distriktene, og høyere reisekostnader er uheldige konsekvenser av den ordninga som bærer det misvisende navn «fritt skolevalg», jf. punktet «Konsekvensar av fritt skoleval» på side 160.»
Forslaget fekk 21 røyster (Ap, SV, RV) og fall.

Stanley Hauge

14.10.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart