Frå Afrika til Sotra for å lære bedriftsetablering

To representantar frå ein vidaregåande skule i Zambia er for tida gjester ved Sotra vidaregåande skule for å lære bedriftsetablering. Det afrikanske landet har 80 prosent arbeidsløyse. Målet er at elevane skal starte sine eigne arbeidsplassar når dei er f

Erik Strøm, assisterande rektor ved Sotra vidaregåande skule, (f.v.), Benjamin Chabu, lærar og avdelingsleiar for økonomiske fag ved Mbala high school, Paul Michael Zimba, rektor ved Mbala high school og lektor Annbjørg Kolltveit ved Sotra vidaregåande skule.

I tre år har Sotra vidaregåande skule hatt samarbeid med Mbala high school i Zambia. Eit problem for landet er den store arbeidsløysa. Rektor Paul Michael Zimba fortel at det er vanskeleg å få arbeid når du er ferdig på skulen.
- Vi kjem hit for å sjå på korleis ordninga med ungdomsbedrifter fungerer. Tanken er at vi skal lære elevane våre å starte eiga bedrift som dei kan få arbeid i når dei går ut av skulen, fortel Zimba.

Drøfta opplegget med to statsrådar
Avdelingsleiar for økonomiske fag ved skulen, Benjamin Chabu, seier at døme på bedrifter elevane kan starte er kyllingfarm eller produksjon av løk eller tomatar.
- Poenget er å starte i det små, med til dømes 50 kyllingar. Det tek tre månader å ale dei opp for sal, og så auke produksjonen etter kvart, fortel Chabu.
Skulen har ein del tilliggande landområde som kan stillast til disposisjon for dei som vil starte eiga bedrift.
Chabu og Zimba har før opphaldet i Noreg hatt møte med undervisingsministeren og arbeidsministeren i Zambia for å drøfte opplegget med å etablere eigne arbeidsplassar. Når dei er tilbake i heimlandet skal dei ha nye møte med dei to ministrane. Målet er at Mbala high school skal bli ein pilotskule i landet på dette området.

Skulen heilt nedsliten
Samarbeidet med skulen i Afrika starta då lektor Annbjørg Kolltveit var i landet på privat vitjing i 2002.
- Eg såg at tilhøva ved skulen ikkje var spesielt gode. Skulen er bygd i 1965, men vedlikehald er ikkje gjennomført. Bygningane var totalt nedslitne, rutene var knust, inventar øydelagd. Dette er ein internatskule med 1200 elevar og 48 lærarar. Då eg kom heim, sprang eg til rektor med forslag om at vi gjekk ut av ordinær Operasjon Dagsverk og heller satsa på eige prosjekt for å hjelpe skulen. Dette var rektor positiv til, fortel Kolltveit.

Samarbeid mellom Sotra og Eid vidaregåande skular
Det første året samla skulen på Sotra inn 127.000 kroner til skulen i Afrika. I fjor fekk dei inn 150.000 og i år håpar dei å auke endå meir. Også Eid vidaregåande skule i Nordfjord er med i hjelpeaksjonen for skulen. Pengane er brukt til ulike prosjekt for å betre standarden på skulen i Zambia.

Renovering og stipend
Mykje pengar er gått til renovering av skulen, men ein del pengar går og til stipend, slik at elevar kan bu på internatskulen. Skulen er gratis, men elevane må betale 1000 kroner året for å dekke utgiftene med å bu på internatet. I år får 124 elevar stipend, slik at dei kan bu gratis på skulen.
Andre prosjekt pengane går til er kompetanseheving av dei tilsette ved skulen og kjøp av bøker til biblioteket.

Bjarte Brask Eriksen

29.10.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart