Fire fanesaker i utkastet til ny fylkesplan

Høyringsutkastet til fylkesplan 2005-2008 for Hordaland har mellom anna framlegg om fire fanesaker: Auka bruk av naturgass, sikre ålmenta tilgang til friluftsområde, særleg i strandsona, Bergen som kunnskaps- og utdanningsby, og betre kommunikasjonar. Pla

Langsiktig visjon
Høyringsutkastet inneheld forslag til langsiktig visjon, mål og strategiar for utvalde satsingsområde. Framlegget til visjon er ”Hordaland skal vere eit attraktivt fylke i ein sterk vestlandsregion med stor verdiskaping, brei kompetanse, eit levande kulturliv og ei berekraftig ressursforvalting.

Verdiskaping
Verdiskaping er gjennomgåande tema, og planen er strukturert i høve til økonomisk verdiskaping, føresetnader for verdiskaping og tilrettelegging for verdiskaping.

Opprydding
Fylkesplanen inneheld ei oppdatering og samling av gjeldande arealpolitiske retningsliner, vedtatt i fylkesplan for 2001-2004 og i åtte tematiske fylkesdelplanar. Oppryddinga har ført til at nokre retningsliner er fjerna, og det er framlegg om seks nye. Målet er å gjere retningslinene lettare tilgjengelege og gi ei enklare forvalting av arealsaker.

Regionalt utviklingsprogram
Handlingsprogrammet til fylkesplanen vert utarbeidd etterpå. Det er forslag om at handlingsprogram for 2005 vert utarbeidd med utgangspunkt i høyringsutkastet. Det får særleg verknad for bruk av dei regionalpolitiske verkemidlane som til no har vore fordelte over Regionalt utviklingsprogram.

Politisk handsaming
Framlegget til fylkesplan blir politisk handsama av samferdselsutvalet 6. oktober, opplærings- og helseutvalet 21. oktober, kultur- og ressursutvalet 26. oktober og i fylkesutvalet 28. oktober.

Fylkesutvalet skal sende planen ut på høyring. Høyringstida blir 1. november 2004 til 1. februar 2005. Ein høyringskonferanse er planlagt tidleg i januar.

Endeleg evdtak truleg i juni 2005
Når høyringa er ferdig, blir planen bearbeidd, og lagt fram for endelig handsaming i fylkestinget. Det skjer truleg i juni 2005. Høyringsutkastet vert lagt til grunn for regionalt utviklingsprogram 2005.

Høyringsutkastet til fylkesplan for Hordaland 2005-2008 (pdf-fil)

Nettside om fylkesplanen

Bjarte Brask Eriksen

06.10.2004 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart