Med dobbelrøysta til leiaren går opplærings- og helseutvalet i Hordaland inn for å innføre såkalla fritt skuleval i dei vidaregåande skulane i Hordaland frå neste skuleår. Dei seks representantane til Kristeleg Folkeparti, Høgre og Fremskrittspartiet gjek
I eit ekstramøte 4. oktober tok utvalet stilling til om karakterar eller bustadadresse skal avgjere kvar elevane skal gå på skule. Fleirtalskoalisjonen går inn for fritt skuleval, men for
å unngå for lang reisetid vil dei ha ei øvre grense for kor lang reisetid den enkelte grunnkurselev normalt kan påleggast. Fylkesutvalet skal fastsetje nærare retningslinjer for dette. Det er gjort unnatak frå fritt skuleval for elevar med opptak på særskilt vilkår. Dei skal få tilrettelagt undervising på næraste tilgjengelege skule eller linje. Ordninga med fritt skuleval skal evaluerast etter inntaket hausten 2005.
Mindretalet fremja forslag om å halde fram med noverande inntakssystem til dei vidaregåande skulene. I forslaget heiter det: ”Dagens ordning for inntak av elevar i den vidaregåande skulen i Hordaland ivaretek på ein god og balansert måte viktige omsyn mellom anna til elevane sine ønskje, karakterar, reiseavstand, målet om eit likeverdig og godt skuletilbod for alle og den viktige rolla skulen har i lokalsamfunnet og regionane. Fylkestinget held difor fast på dagens inntakssystem”.
RV gjekk først inn for det korte forslaget om at inntaksordninga ikkje vert endra, men slutta seg til forslaget til Arbeidarpartiet og Senterpartiet.
Forslaget til fylkesrådmannen om å innføre fritt skuleval avgrensa til skulane i Bergen som pilotprosjekt over to år, fekk inga røyster.
Saka går vidare til ekstra møte i fylkesutvalet 12. oktober og blir endeleg avgjort av fylkestinget 13. oktober.
Bjarte Brask Eriksen